Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Ulykkesforsikring for elevar

Blir ein elev utsett for ei ulykke, blir dette som regel dekt av ei eiga kommunal ulykkesforsikring.

Tenesteomtale

Kommunen og fylkeskommunen pliktar å sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Forsikringa skal gje dekning for nødvendige utgifter til behandling og erstatning ved død eller varig medisinsk invaliditet. Forsikringssummen ved varig medisinsk invaliditet er fem gonger grunnbeløpet i folketrygda (G) og ved død 1 G.

Målgruppe

  • Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule
  • Lærlingar og lærekandidatar

Forsikringa gjeld ikkje elevar under opplæring spesielt organisert for vaksne eller born i skulefritidsordninga.

Kriterium/vilkår

Forsikringa gjev eleven dekning for ulykkesskade som har hendt 

  • på skulen i skuletida
  • på veg mellom heim og skule
  • under praktisk yrkesopplæring og opplæring i arbeidslivet og på veg mellom heim og arbeidsplass 
  • under transport, skuleturar, idrettsdagar, leirskular og liknande som skulen er ansvarleg for 
  • under Operasjon dagsverk og andre liknande elevaktivitetar, og mellom heim og den staden der aktiviteten skjer
     

For elevar ved internatskular gjeld forsikringa heile døgnet i den tid elevane held seg på skulen, men ikkje i feriar og liknande fråvær.

Forsikringa kan gjere unnatak frå dekninga når årsaka til skaden er

  • forgifting ved mat, drikke eller nytingsmiddel
  • infeksjon eller stikk/bit av insekt 
  • smitte gjennom bakteriar, virus eller anna smittekjelde
  • psykiske skadar

Lover

Kommunen og fylkeskommunen pliktar å sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Eleven har dei same rettane ved eit forsikringsoppgjer som andre forsikringstakarar. Sjå forsikringsavtaleloven fjerde del om personforsikring og forskrift til opplæringslova kap. 8 Ulykkesforsikring for elevar.

Forsikringsavtaleloven
Forskrift til opplæringslova

Tenesta oppdatert: 30.11.2022 15:33