Nødvendig for nokon - betre for alle

Universell utforming er heilt nødvendig for enkelte grupper. Ein god IKT-løysing må ta høgde for mangfaldet blant oss. Ein bonus av å sikra at alle kan bruka løysingen er at den blir betre å bruka for alle.

For menneske med funksjonsvariasjon kan det bli svært vanskeleg eller umogleg å bruka ei nettløysing dersom den ikkje er universelt utforma. Dette gjeld blant andre menneske med :

  • nedsatt høyrsel
  • nedsatt syn
  • dysleksi
  • nedsatt motorikk og fingerfølsomhet
  • kognitive vanskar

Denne gruppa er større enn folk flest gjerne trur; - ca. 20 % av befolkningen.

Ein bonus ved å følgja lovkrav og prinsipp for universell utforming av IKT er at nettsider, IKT-løysingar og appar blir meir brukervennlege for alle, også for eldre, personar med anna morsmål enn norsk, deg som har gløymd lesebrillene, skal lese på ein skjerm i sterkt sollys eller har dårleg tid når du skal kjøpe ein billett. Universelt utforma tilsettløysingar vil også fremja mangfald og gi meir effektive tilsette.