Målgruppa er foreldre og andre omsorgspersonar for born i førskulealder (frå 10 månader til 6 år), og skuleborn frå 1. til 4. klasse. Kurset er for alle. Du treng ikke oppleva at foreldrerolla er spesielt vanskeleg eller at bornet ditt har særskilde behov for å delta. Kurset foregår i grupper med 8-10 omsorgspersonar over 8 samlingar med ei varigheit på 1,5 - 2 timar kvar gong.

Med utgongspunkt i filmmateriale og refleksjonar rundt Tryggleikssirkelen lærer du korleis du kan støtte bornet i to grunnleggjande behov; behovet for beskyttelse og omsorg og behovet for å utforske og meistre verda.

Gjennom kurset får du verktøy og trening i korleis tolke bornet sine signal, og korleis du kan møte bornets emosjonelle behov. Du vert inviterert til å reflektere over eigen barndom, og korleis tidlegare omsorgserfaringar påverker deg i foreldrerolla. Gjennom auka refleksjon kan du gjere medvitne val over kva verdiar og strategiar du vil ta med deg i omsorga for ditt born.

Føremålet med kurset er å gje foreldre eit godt utgongspunkt for å meistre foreldrerolla, og stimulere til sunn utvikling og god psykisk helse hjå bornet. Kunnskap og refleksjonar som foreldra tileigner seg gjennom kurset er tenkt å vera relevante gjennom heile foreldreperioden. God støtte frå foreldre vil kunne styrke bornet frå starten av utviklinga, og vil kunne vera ein beskyttande faktor for bornet gjennom heile livet.

Her kan du melde deg på: 

  • Gruppe for omsorgspersonar med born frå 10 mnd. - 6 år. Oppstart 17. april 2024 (onsdagar) fra kl. 16.00 - 17.30: FULLT
Vil du veta meir om kurs i Tryggleikssirkelen anbefalar vi deg å se filmane på nettsida folkOm og Circle of Security International -- Connection - YouTube

 

Har du spørsmål kan du ta kontakt med prosjektleiar: tonje.skorpen@stord.kommune.no