Aktivitet for rusavhengige
Generelt
Stord kommune har inngått eit samarbeid med Kirkens bymisjon, "I jobb". Målet er å tilby personar som er rusavhengige eit arbeidstilbod med høg grad av fleksibilitet.
Det er for tida tilbod om arbeid ein dag i veka for aktive rusavhengige, og to dagar i veka for personar i LAR (legemiddelassistert rehabilitering).
Målgruppe
Målgruppa er todelt:
- Aktive rusavhengige av begge kjønn som ikkje er i behandling. Det vert ikkje stilt krav til rusfrihet, men arbeidstakar må vera i stand til å utføra dei tildelte arbeidsoppgåvene på ein tilfredsstillande måte, utan å vera til sjenanse for dei andre arbeidstakarane, oppdragsgjevar eller omgjevnaden generelt.
- Personar i LAR (legemiddelassistert rehabilitering) som ikkje er i annan aktivitet, arbeid eller utdanninga men som ynskjer arbeidsretta aktivitet.
Tenesta oppdatert: 19.12.2017 16:44