Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Allemannsretten

Allemannsretten tyder at vi har rett til å ferdast fritt og opphalde oss der vi ønskjer i naturen - uavhengig av kven som eig grunnen. Den gir oss også rett til å hauste frå naturen, for eksempel saltvassfisk, bær, sopp og ville blomster.

Tenesteomtale

Allemannsretten tyder at du har rett til å ferdast fritt i skogen, på fjellet og langs kysten. Alle skal ha høve til å drive eit aktivt friluftsliv, samstundes som ein skal ta omsyn til grunneigaren. Derfor er det avgrensingar i denne retten, slik at ingen blir skadelidande.  

Målgruppe


Kriterium/vilkår

  • Du kan ferdast til fots, på ski, med sykkel eller hest i innmark (dette gjeld ikkje gardsplass, inngjerda hage og liknande) når marka er frosen eller snølagd, men ikkje i perioden 30. april til 14. oktober.
  • Du kan alltid ferdast på opparbeida sti.
  • Du kan bade frå ei strand i utmark eller frå båt når det skjer i rimeleg avstand frå hus eller hytte som nokon bur i.
  • Du kan dra i land ein båt på ei strand i utmark i ei kortare tid, men ikkje nytte kai eller brygge utan løyve frå eigaren.
  • Du kan raste og overnatte i telt i utmark, men berre to døger om gongen, utan samtykke frå eigaren, og ikkje nærare hus eller hytte som nokon bur i, enn 150 meter (så sant du ikkje er på høgfjellet eller langt frå busetnader).
     
  • Du kan ikkje raste eller overnatte i innmark utan at du har samtykke frå eigaren.
  • Du kan ikkje ferdast med motorkøyretøy i utmark utan løyve frå kommunen.
  • El-sykkel blir rekna som motorkøyretøy. Du kan bruke el-sykkel i utmark der det ikkje er forboden.
  • Du kan ikkje fiske i ferskvatn eller jakte utan løyve.
  • Du kan ikkje gjere opp eld i tidsrommet 15. april til 15. september i eller i nærleiken av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen.

Pris for tenesta


Samarbeidspartnarar


Lover

Sjå spesielt friluftslova
§ 2 om kommunen sin rett til å regulere ferdsel i utmark
§ 3a om kommunen sin rett til å regulere ferdsel i innmark
§ 14 om tilgang til friluftsområde
§ 15 om kommunen sin rett til å regulere framferd i friluftsområde
§ 16 om kommunen sin rett til å sperre av somme utsette område
§ 40 om kommunen sin rett til å fjerne ulovlege stengsler, gjerde o.l.
§ 24 om klage til kommunen.

Forvaltningsloven
Friluftsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta


Vedlegg


Saksbehandling


Saksbehandlingstid


Høve til å klage

Dersom du er ueinig i at det blir kravt avgift for tilgang på visse friluftsområde, kan du klage.
Klaga kan du sende til statsforvaltaren.

Tenesta oppdatert: 05.03.2024 10:04