Stord kommune har fått innvilga søknaden om å vera med i Husbanken sitt handlingsprogram «Boligsosialt velferdsprogram». Programmet vart starta opp 1. januar i år, og dei fem andre kommunane som deltek frå og med 2014 er Førde, Voss, Karmøy, Eigersund og Sandnes.

Nyttig for kommunen

Visjonen er at alle skal bu trygt og godt. Programmet brukar derfor arbeidsmetodar som set fokus på førebygging og kamp mot bustadlause samt auka bustadsosial aktivitet og kompetanse i kommunen. Husbanken si rolle i programmet er å leggja til rette for at kommunane som deltek skal kunne arbeida systematisk og langsiktig med identifiserte bustadsosiale utfordringar.

Rådmann Magnus Mjør ser at kommunen no kan styrkje eit område som uansett treng satsing og auka ressursar.

- Programmet vil vera nyttig for Stord kommune i høve arbeidet med å utvikla feltet innan butilhøve for vanskelegstilte.

Kan jobbe meir heilskapleg

Stord kommune har fleire utfordringar innan det bustadsosiale feltet i åra som kjem. Gjennom deltakinga i Husbanken sitt program får kommunen hjelp med organiseringa og utviklinga av tenesteområde på tvers av einingar.

- Handlingsprogrammet gjev kommunen fleire mogelegheiter å jobbe meir heilskapleg innanfor det bustadsosiale feltet. Me håpar å få ein meir langsiktig plan for utviklinga av eit bustadtilbod som er brukarretta og tilpassa etter behova, seier rådmannen.

Bidreg med erfaringar

Kunnskapsutvikling, kunnskapsdeling og læring er sentrale delar av programarbeidet, og kommunane som deltek er forplikta til å dela erfaringane sine med dei andre programkommunane. Rådmannen meiner Stord kommune har fleire nyttige erfaringar å utveksla.

- Stord kommune har vore pilotkommune og ressurskommune i høve universell utforming, og på dette feltet kan kommunen bidra med nettverk og kunnskap som kan kome andre kommunar til gode. Dessutan jobbar kommunen med prosjektet «Stordmodellen», som vektlegg ei heilskapleg oppfølging av personar i rusmiljø, og me bidreg gjerne med utvikling og kunnskapsdeling i høve dette arbeidet, fortel han.

Vart oppmoda å søkja

Husbanken Region Vest starta med utviklinga av eit bustadsosialt velferdsprogram i januar 2013. Husbanken set fokus på at programarbeidet skal utviklast i eit samarbeid mellom Husbanken, programkommunane og andre statlege velferdsaktørar. Tiltak som er retta mot vanskelegstilt ungdom, barnefamiliar, og personar som vert skrive ut frå institusjon eller lauslatt frå fengsel vert prioritert.

Kvart år vert ti kommunar invitert til å søkja om deltaking i programmet, og av desse vert cirka fem teke med i opptaket. Programrådet har ansvar for å kome med forslag til kommunar som skal oppmodast til å søkja samt å gje innstilling til Husbanken om kva for kommunar som bør takast med i programmet.

Deltakinga i programarbeidet har ein varigheit på tre til fem år, og programprosessen er delt inn i ulike fasar. Desse er søknadsfase før opptak, oppstarts- og planleggingsfase, gjennomføringsfase, avslutningsfase og driftsfase.

Les meir om «Boligsosialt velferdsprogram» på heimesida til Husbanken.