Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Bålbrenning

Generelt

Generelle reglar for bålbrenning i Stord kommune

  1. Det er forbode å gjera opp eld på ein slik måte at det kan føra til brann.
  2. Brenning av produksjonsavfall er ikkje tillatt. Slikt avfall skal leverast til godkjent deponi.
  3. Små mengder hageavfall kan brennast, men må ikkje innehalda forbruksavfall, plast o.l. Utanom perioden 15.09.-15.04. må ein melda om utandørs brenning. Sjå skjema til høgre. Eller under på mobil.
  4. Bråtebrenning og kaffibål i skog og utmark er berre tillatt i perioden 15.09. til 15.04.
  5. All brenning i mørke er ulovleg.
  6. Det skal søkjast til brannsjefen om å få brenna Sankthansbål. Bruk søknadsskjema til høgre. Skjema kan også hentast hjå Fellestenester i rådhuset på Leirvik, eller på brannstasjonen på Vabakkjen.
  7. Ulovleg brenning som fører til utrykning kan medføra krav om kostnadsdekning frå kommunen.
  8. Brannsjefen er kommunen sin kontaktperson når det gjeld bålbrenning.

Omsyn til miljø

Utslepp ved open brenning er ofte høge og bør difor unngåast. Bålbrenning vert difor som hovudregel rekna som uakseptabel avfallshandtering. Bålbrenning som fører til forsøpling av eit område, vil ikkje bli tillatt.

Omsyn til helse og trivsel

Røyken frå småbrenning kan føra til helse- og trivselsproblem, særleg for folk med luftvegssjukdomar. Kommunelegen kan stogga bålbrenning dersom det er fare for helseskader.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du kan søkja om bålbrenning. Du finn skjema til høgre.

Kontakt

Brannsjef

Jan Ove Anthun

Tlf: 53 49 68 45

Send e-post 

Tjenesten oppdatert: 12.04.2019 13:26