Kven passar tilbodet for?

Det kan vera at du har eit vanskeleg svangerskap, at du har hatt ein vanskeleg fødsel eller at det er vanskeleg i parforholdet. Nokon kan vera einsame og har lite familie- eller sosialt nettverk å støtte seg til. Nokon har psykiske utfordringar tidlegare i livet og kan vera uroa for eller ynskjer å førebygga at dei får oppblomstring av symptom i barseltida.

Baby Blues er ei gruppe med 6-8 føresette som møtast ein gong i veka i ein periode over 10 veker. Samlingane er godt tilrettelagt for deg, enten åleine eller som par, saman med barnet eller dersom du er gravid. Me har ulike aktivitetar (som til dømes rolig yoga, babysong og babymassasje), og annakvar gong snakkar me om typiske utfordringar i kvardagen, psykisk helse og meistringsstrategiar.

Me tilbyr kaffe/te og litt å bite i. 

Fyrste samling er tysdag 06. februar 2024.

Gruppa har no starta opp. Ny påmelding kjem hausten 2024!

Ynskjer du meir informasjon så ta gjerne kontakt med oss: 

Familieveiledar: tonje.skorpen@stord.kommune.no Telefon: 956 56 328

eller

Kommunepsykolog: elin.haukanes@stord.kommune.no Telefon: 904 77 834