Plass i småbåthamna

Hamnestellet leiger ut båtplassar i småbåthamna på Leirvik. Det er plass til 220 båtar og ledige plassar vert tildelt etter søknad. Alle farty skal vera registrerte og ansvarsforsikra før tildeling av båtplass kan skje.

Søk båtplass

OBS!! Det er for tida ikkje venteliste for båtplass i Leirvik Småbåthamn. De kan ta kontakt med hamnestellet for meir informasjon.

Dersom du har båtplass i Leirvik Småbåthamn kan du bruka linken oppe til høgre til å bli medlem i vår gruppe på facebook. Her vil du få informasjon om hamna, bilete med meir. 

Før ein søkjer båtplass, bør ein ha lest reglementet for båthamnene. Dette inneheld opplysningar om m.a. fortøyning, betaling, overdraging av båtplass til andre osv. Reglementet finn du her.

Søknadsskjema finn du lenger nede på sida.

Prisar

Her finn du prisar og gebyr