Førebyggande avdeling (Feiarvesenet ligg under denne avdelinga)
Brannførebyggande avdeling sitt hovudmål er å få ned antall brannar, og minske konsekvensane dersom det blir brann.
Feiarvesenet er ein del av førebyggande avdeling. Feiarvesenet skal syta for at alle røykkanalar og fyringsanlegg blir feia eller ført tilsyn med. Dette skal skje etter behov men minst ein gong kvar fjerde år.
Førebyggjande tiltak kan vera alt frå befaring og tiltak mot risikoobjekt til informasjon retta mot innbyggjarane i kommunen.
Kurs og kampanjar
I løpet av året arrangerer avdelinga ei rekkje informasjonstiltak og brannvernkampanjar, samt Open brannstasjon éin dag i året. Førebyggjande avdeling held også kurs og seminar for organisasjonar, bedrifter, institusjonar, skular, barnehagar, velforeiningar og andre.
Informasjonsfaldar
Her kan du lesa meir om feiing og tilsyn
Beredskapsavdeling
Beredskapsavdelinga har ansvaret for beredskap mot brannar, ulykker og akutt forureining.
Nødnummer brann: 110
Hovudbrannstasjon
Vabakkjen 2
Postadresse
Postboks 304, 5402 Stord
Utalarmering
Utalarmering skjer via VHF-samband frå Alarmsentral i Haugesund (110-sentralen). Det er to alarmtypar:
- Gruppealarm: alarm til dei som er på vakt, samt alle ”faste” tilsette ved hovudstasjonen
- Full alarm: alarmering av heile styrken på 40 personar
I tillegg kan AMK-sentralen (113-sentralen) sende ut redningsalarm, som i tillegg til å alarmere vakthavande lege og ambulansane i regionen, også alarmerer Stord Brannvern på lik line som ved ein full-alarm. AMK står for Akutt Medisinsk Kommandosentral.
Beredskapsstyrken ved Stord brannvesen
Leirvik stasjon, Vabakkjen
4 overbefal
4 utrykkingsleiarar
8 sjåførar
12 røykdykkarar/konstablar
4 reservar
Sagvåg brannstasjon
8 sjåførar/konstablar/røykdykkarar
Huglo
6 mann utan vaktplikt
Beredskapslaga
Beredskapsavdelinga er samansett av 4 beredskapslag, og kvart beredskapslag er sett opp med:
Leirvik
overbefal
utrykkingsleiar
2 sjåførar
3 røykdykkarar/konstablar
Sagvåg
2 personar pr. veke, kombinert sjåfør og konstablar
Overbefalsvakt
Denne vakta er 4-delt mellom brannsjef, leiar beredskapsavdeling, leiar førebyggande avdeling og overbrannmeister.
Utrykkingsleiarar
Alle utrykkingsleiara har godkjent kompetanse i h.h.t. krav i forskrift.
Sjåførar
Sjåførar på oppsett vaktlag har hovudansvar med å få ut mannskapsbil,tankbil og evt. lift ved alarm.Alle sjåførar har godkjente sertifikat og utrykkingskompetanse (kode 160)
Røykdykkarar
Alle røykdykkarar har godkjent kompetanse i h.h.t. krav i forskrift