Opningstider

Hagerupshuset er ope måndag til fredag kl. 09.30 - 13.00

Venelaget

Hagerupshuset har sitt eige venelag som står for drifta av tilbodet med støtte frå kommunen. Flittige kvinner i laget syr, strikkar, bakar og held basarar til inntekt for eldresenteret.

  • Kafeen er open for servering av kaffi, sjokolade, rundstykke, lappar, vafler og annan heimebakst så lenge huset er ope
  • Steinsliping 
  • Sal av batteri til høyreapparat
  • Handarbeidsklubb som er open for alle
  • Seniortreff med føredrag i samarbeid med Folkeakademiet

Program for våren 2020

Leige av Hagerupshuset 

Det er høve til å leiga Hagerupshuset for selskap eller andre arrangement. Kontakt Venelaget for Hagerupshuset via kontaktinformasjon til høgre på denne sida for prisar på utleige.

Tur v/Pensjonistturgruppa

Ynskjer du å gå på tur? Då kan du vera med pensjonistturgruppa. Frammøte er på Hagerupshuset klokka 10, annankvar onsdag i oddetalsveker.

Turane er rekna å ta to til tre timar inklusiv kaffikos. Turane vert omtala i lokalavisa før oppstart vår og haust.

 

Program for turlaget våren 2020
Nr Dato Turstad
1 29.01.20 Rundtur Røyrtjødno/Skjephaugen
2 12.02.20 Isdal/Falkåsen
3 26.02.20 Horneland/Skjersholmane
4 11.03.20 Sætrevikområdet
5 25.03.20  Tittelsnesområdet
6 22.04.20 Fitjarområdet
7 06.05.20 Dåfjordområdet
8 20.05.20 Blåtur/heildagstur
9 03.06.20 Sjovangen, Halsøy
10 17.06.20 Avslutning på Føyno

 

Hagerupshuset si turgruppa

Bilete: turgruppa har matpause i tunet på Nedre øyjord i Gjetingsdalen 8. mai 2019.

Kontaktperson for turgruppa

Torolf Taranger
Tlf. 984 80 470
E-post: torolf.taranger@sklbb.no