Førebyggjande tenester i Stord kommune ynskjer velkomen til eit 2 timars foreldrekurs om angst/engstelege barn og tryggare foreldre. Kurset har som målsetning å gi foreldre/omsorgspersonar kunnskap, slik at dei kan støtte barn/unge som er engstelege. Utgongspunktet er at foreldre er ein viktig rollemodell og den viktigaste ressurssen for sine barn.
Kven: foreldre til barn i alderen 6 - 18 år. Deltakarantall er 20 foreldre på kvart kurs.
Når: Du/de kan velje mellom 3 kurs våren 24:
Mandag 5. februar: fullt
Onsdag 13. mars: fullt
Torsdag 18. april: fullt
Det kan førekomme endringar i kursoppsettet avhengig av antall påmeldte.
Kvar: Bytunet, 3. høgda. Undervisningsrommet hos PPT.