I kartløysinga nedanfor kan du finna reguleringsplanar og kommuneplan. I tillegg kan du gå direkte i planregisteret og søkja på plannummer (planID) eller plannamn.

Stordkart er ei kartløysing for innbyggjarar i Stord kommune og inkluderar både planar og diverse temadata.

Planregister er eit register over planar i Stord kommune

Korleis finna planstatus for eigedomen din i kartløysingane

Finn planstaus for eigedomen din slik:

  1. Opne kartet  og start med å velje rett kommune i nedtrekksmenyen
  2. Søk så på gnr/bnr (døme: 27/443), eller på adresse i søkefeltet
  3. Vel vidare reguleringsplanar og reguleringsplanar (eldre rasterplanar) og kommuneplan i meny til venstre
    Vent til kartlagsinformasjon er lasta opp i meny til høgre i kartet
  4. Trykk deretter på reguleringsplan og vidare på reguleringsformål. (Om det ikkje står reguleringsplan i meny til høgre, sjå punkt 7)

Oppskrift planar

  1. Som i døme over vil du få informasjon om reguleringsføremål som gjeld for din eigedom om planen er digital, som her offentleg bebyggelse.
  2. Om det er ein eldre reguleringsplan som gjeld for eigedomen din vil det ikkje stå Formål som i bilete over. Du går då inn på link : WebPlan-WebHotel3 som tek deg til kommunen sitt planregister. Der finn du plankartet som pdf dokument under Plandokumenter. I planregisteret finn du òg føresegnene til planen m.m.
  3. Om det ikkje føreligg reguleringsplan som omfattar eigedomen, vil det berre stå Kommuneplan under Kartlagsinfo, det er då denne som gjeld.