Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Forliksråd

Alle kommunar har eit forliksråd. Forliksrådet kan hjelpe deg å løyse ein konflikt enkelt, raskt og billig.

Tenesteomtale

Forliksrådet nyttast for å løyse tvistar i mange saker. Det kan til dømes dreie seg om kjøpstvistar, erstatningskrav, nabotvistar eller tvistar i forretningsforhold. Først må du varsle den du ønskjer å gå til sak mot, skriftleg. Deretter må du levere forliksklage til forliksrådet - vanlegvis i den kommunen der klagemotparten bur. Du treng ikkje bruke advokat. Forliksrådet skal alltid prøve mekling mellom partane, og kan også i mange tilfelle seie dom. Både forlik og dom i forliksrådet har rettsverknad. Det tyder mellom anna at ei avgjerd i forliksrådet blir ståande dersom ho ikkje blir ført vidare til tingretten, og at ho kan tvangsfullførast via namsmannen.

Det er eit forliksråd i kvar kommune. Forliksrådet har tre lekfolk og like mange varamedlemmer. Medlemmene blir valde av kommunen for fire år om gongen.

Målgruppe

Personar eller firma som har eit krav mot ein annan person eller eit firma.

Pris for tenesta

Rettsgebyrlova § 7 regulerer plikta til å betale gebyr.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Samarbeidspartnarar

Statsforvaltaren har tilsyn med forliksråda.

Lover

Sjå rettsgebyrloven § 7, domstolloven §§ 27 og 28, tvisteloven kapittel 6 og rettsgebyrforskriften § 3-2.

Tvisteloven
Rettsgebyrforskriften
Rettsgebyrloven
Domstolloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Det er ein fordel at forliksklagen blir levert skriftleg, men du har også høve til å setje han fram munnleg ved personleg frammøte. I forliksklagen må du kort melde frå om kva du krev og kva som er grunnlaget for det. Du må dessutan gje opp utførleg namn og adresse til den som er innklaga.

Vedlegg

Viktig dokumentasjon, slik som faktura, betalingsavtale o.l.

Høve til å klage

Dommar i forliksrådet kan innan éin månad bli anka til tingretten. Det er avgrensa høve til anke for rettsforlik.

Kontakt

Stord forliksråd

Vabakkjen 7
Postboks 64
5401 Stord

Tlf: 51 89 90 00

Tenesta oppdatert: 04.01.2021 20:24