Innsynsrett i offentlege dokument

Postlister/offentleg postjournal gir eit oversyn over post sendt til og frå kommunen. Den inneheld ikkje dokument i personalmapper, elevmapper, barnehagebarnmapper og fagsystem. 

Alle saksdokument, journalar og liknande register i kommunen er opne for innsyn dersom det ikkje er gjort unntak i lov eller i forskrift. Sjølv om eit dokument kan vere unnateke offentlegheit, skal kommunen likevel vurdera om dokumentet bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn). 

Alle kan krevje innsyn

Du kan bli nekta innsyn i interne dokument, men som hovudregel skal du likevel få innsyn i: 

  • Saksliste eller saksdokument til kommunestyre eller anna kommunalt folkevalt organ 
  • Dokumenter til/frå kommunen sitt kontrollutval, klagenemnd eller kommunal revisjon 
  • Dokument til/frå einingar i administrasjonen som har sjølvstendig råderett for saka dokument gjeld 

Du har alltid klagerett over avslag på innsyn 

Kriteria til krav 

Dersom ein krev innsyn i saksdokument, må kravet gjelde ei bestemt sak, eller i rimeleg utstrekning av saker av bestemt art. 

Saksbehandlingstid 

Kommunen skal handsame krav om innsyn så raskt som mogleg. Det vil normalt bety same dag, eller innan 1-3 arbeidsdagar. 

Dersom du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar frå kommunen fekk kravet ditt, vert det rekna som eit avslag. 

Klagerett 

Den som har fått avslag på krav om innsyn, kan klage på avslaget til Statsforvaltaren. 

Klagefristen er tre veker frå avslaget er mottatt. 

Eventuell klage skal sendast til Stord kommune, som handsamar klagen og vidaresender til Statsforvaltaren dersom vedtak om avslag vert oppretthaldt. 

Har du spørsmål om innsyn eller klage - send e-post til: post@stord.kommune.no  

 

Innsyn historisk arkiv

Papirarkiv eldre enn 2008/2013 er deponert til Interkommunalt arkiv i Hordaland.

Klikk her for skjema til bestilling av opplysningar frå arkiv deponert til IKA Hordaland