Kanoar og kajakkar - utlån
Tenesteomtale
Nysæter ungdomsskule
Nysæter ungdomsskule har sju kanoar til utleige. Kanoane står på ein hengar som kan påkoplast personbilar. Kanoane kan lånast ut gratis til skular og lag og organisasjonar. Redningsvestar og padleårar følgjer med.
Ta kontakt med rektor Anne Beate Sunde, anne.beate.sunde@stord.kommune.no tlf. 91611741 / 53409750 eller ass. rektor kari.hindenes.agasøster@stord.kommune.no tlf. 48108648
Storavatnet
Bydelsbloggen har sju kanoar og fleire robåtar til låns til bruk i Storavatnet. Dei står på grøntanlegget på Litlabø. Ta kontakt på Bydelsbloggen si Facebook side for å låne kano/robåt. Lenkje til sida finn du her
Litlabø skule
Litlabø skule har 10 kajakkar til utleige Desse står på ein hengar som kan påkoplast personbilar. Kajakkane kan lånast ut gratis til skular, lag og organisasjonar. Redningsvestar og padleårar følgjer med.
Kajakkane kan tingast i skuleåret ved å kontakta Litlabø skule på telefon: 53 40 96 70.
Ådlandsvatnet
Barnas Turlag tilbyr utlån av kanoar på Ådlandsvatnet. Dette er eit gratistilbod, ope for alle. Du finn informasjon om utlån på Stord-Fitjar turlag si heimeside
Tenesta oppdatert: 26.07.2022 12:13