Kva kan ein kreftkoordinator hjelpa deg med?

  • Koordinera og leggja til rette for at du og dine skal få ein best mogleg kvardag.
  • Vera ein ressursperson for deg som er kreftramma, eller for pårørande
  • Ha oversikt over relevant tilbod og tenester for kreftpasientar og deira pårørande
  • Gje råd og rettleiing om diagnose, behandling og rehabiliteringsmoglegheiter
  • Vera samtalepartner som kan bidra og sortere tankar i ein vanskeleg tid
  • Arbeida tverrfagleg. Samarbeide med andre instansar som er relevant i ein sjukdomsperiode

På kreftforeningen.no kan du sjå ein informasjonsfilm om kreftkoordinator i kommunen

Aktiv etter kreft

Er eit tilbod for deg som har gjennomgått kreftbehandling

Målet er at du skal få

  • auka livskvalitet
  • auka meistringsevne
  • sosial deltaking og møta andre i same livssituasjon
  • tilpassa fysisk aktivitet og styrketrening, og koma i betre fysisk form og få meir energi
  • informasjon om aktuelle tema
  • få individuell samtale og hjelp til å sette deg mål ved behov

Kreftpasientar har lett for å verta fysisk passive av naturlege og naudsynte årsakar. Det kan likevel tenkast at aktivitetsnivået i mange tilfelle vert unødvendig lavt.

Gjennom å vere fysisk aktiv kan du verta betre til å kjenne kroppen din og finne ut kor mykje du orkar og kva du kan gjere. Fysisk aktivitet kan vere ei hjelp til å rette merksemd mot det friske i deg og gi moglegheit til å oppleve at det er mange ting du kan gjere til tross for sjukdomen. I tillegg gir fysisk aktivitet moglegheit til gode opplevingar saman med andre. Fysisk aktivitet gir helsegevinst – også etter ein kreftdiagnose!

Kontakt oss

Kreftkoordinator Torhild Aamodt

Tlf: 975 52 132
Send e-post til Torhild Aamodt  

Kontortid

08.00 – 15.30
måndag, onsdag og fredag

Du kan ta kontakt sjølv, eller be legen din, sjukehuset eller andre om å formidla kontakt.

Besøksadresse

Lønningsåsen 1
5417 Stord

Andre relevante telefonnummer

Heimebaserte tenester 53 49 67 31
Sentralbord rådhuset 53 49 66 00