Kva kan ein kreftkoordinator hjelpa deg med?

  • Koordinera og leggja til rette for at du og dine skal få ein best mogleg kvardag.
  • Vera ein ressursperson for deg som er kreftramma, eller for pårørande
  • Ha oversikt over relevant tilbod og tenester for kreftpasientar og deira pårørande
  • Gje råd og rettleiing om diagnose, behandling og rehabiliteringsmoglegheiter
  • Vera samtalepartner som kan bidra og sortere tankar i ein vanskeleg tid
  • Arbeida tverrfagleg. Samarbeide med andre instansar som er relevant i ein sjukdomsperiode.

Aktiv etter kreft

Er eit tilbod for deg som har gjennomgått kreftbehandling

Målet er at du skal få

  • auka livskvalitet
  • auka meistringsevne
  • sosial deltaking og møta andre i same livssituasjon
  • tilpassa fysisk aktivitet og styrketrening, og koma i betre fysisk form og få meir energi
  • informasjon om aktuelle tema
  • få individuell samtale og hjelp til å sette deg mål ved behov

Kreftpasientar har lett for å verta fysisk passive av naturlege og naudsynte årsakar. Det kan likevel tenkast at aktivitetsnivået i mange tilfelle vert unødvendig lavt.

Gjennom å vere fysisk aktiv kan du verta betre til å kjenne kroppen din og finne ut kor mykje du orkar og kva du kan gjere. Fysisk aktivitet kan vere ei hjelp til å rette merksemd mot det friske i deg og gi moglegheit til å oppleve at det er mange ting du kan gjere til tross for sjukdomen. I tillegg gir fysisk aktivitet moglegheit til gode opplevingar saman med andre. Fysisk aktivitet gir helsegevinst – også etter ein kreftdiagnose!

Påmelding

Oppstart: 08.09.2022 - 08.12.2022

Tid: det er samling kvar torsdag kl. 13.00 - 14.00

I tillegg vert det:

  • sosial i etterkant (14.00 - 14.30)
  • gå/turgruppe måndagar frå kl. 17.00, frå 6. september

Stad: Stord kommunale rehabiliteringssenter i treningssalen 1. etg.

Pris: 300 kr inkl enkel servering

Dette er eit samarbeid mellom Kreftkoordinator og fysioterapitenesta.