Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Freda kulturminne - tilskot til inngrep

Du kan søkje om tilskot dersom det oppstår meirkostnader i samband med vedlikehald av freda bygning.

Tenesteomtale

Har du fått løyve til å gjere inngrep i eit automatisk freda kulturminne på eigen eigedom, kan du få pålegg om at det skal gjerast arkeologiske undersøkingar før du set i gang tiltaket. Ved mindre private tiltak skal staten dekkje utgiftene heilt eller delvis dersom desse blir urimeleg tyngjande. Automatisk freda kulturminne er kulturminne datert før år 1537, ståande byggverk frå tida 1537-1649 eller samiske kulturminne frå før 1917.

Målgruppe

Private eigarar og forvaltarar av automatisk freda kulturminne og kulturmiljø.

Lover

Sjå kulturminnelova § 10 - Utgifter til særskilt gransking av automatisk fredete kulturminner. Utfyllande retningsliner og informasjon kan du få hos Riksantikvaren.

Forvaltningsloven
Kulturminneloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Ta kontakt med Riksantikvaren dersom du ønskjer meir informasjon om ordninga.

Vedlegg

Forklaring av tiltaket med teikningar og eventuelle fotografi, og dessutan kostnadsoverslag.

Saksbehandling

Riksantikvaren skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til Riksantikvaren før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Riksantikvaren skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Tenesta oppdatert: 11.08.2020 11:22