Me søkjer frivillige valmedarbeidarar som kan hjelpa oss under førehandsrøystinga til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023, frå torsdag 10. august til og med fredag 8. september. For meir informasjon og påmelding: Vil du vera valmedarbeidar? - Stord kommune
Levera listeforslag til valet i 2023
Listeforslaget må vera motteke elektronisk, eller på papir, innan fristen fredag 31. mars klokka 12.00. Listeforslag motteke etter fristen vert avvist.
For spørsmål ta kontakt med valansvarleg.
Valdirektoratet har laga malar for innlevering av listeforslag til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023. Les meir om krav og fristar til listeforslag på valg.no
Elektronisk listeforslag
Det er no mogleg å senda elektroniske listeforslag, les meir om korleis dette kan gjerast: Oppretta elektroniske listeforslag
Listeforslag på papir
Det er framleis mogleg å senda inn listeforslag på papir, les meir om korleis dette kan gjerast: Listeforslag på papir
Listeforslag - viktige datoar
Listeforslaga skal leggas ut til ettersyn etter kvart som dei kjem inn jf. vallova §6-6 (1)
Valansvarleg varslar samtlige kandidater på listeforslaga om at dei er satt opp på listeforslag og opplysar om rett til å søkja om fritak jf. vallova §6-6 (5)
31. mars kl. 12.00 Frist for parti eller grupper til å levera listeforslag
20. april kl. 12.00 Frist for partia til å trekkja listeforslaget
21. april Frist for å søkja om fritak frå listeforslaget
11. mai Valstyret godkjenner listeforslag
12. mai Godkjende vallister vert lagt ut til offentleg gjennomsyn
22. mai Frist for å klaga på valstyret sitt vedtak om å godkjenna eller forkasta eit listeforslag (må vera motteke av valansvarleg)
Etter klagefristen, vert godkjende vallister sendt til trykking. Kontaktpersonar for dei enkelte parti eller gruppe vil få vallistene til korrekturlesing.
Listeforslag til ettersyn
Listeforslaga vert lagt ut til ettersyn etter kvart som dei kjem inn jf. valglova § 6-6 (1).
Sosialistisk Venstreparti (motteke 09.03.23 kl. 08.44.pdf) innskanna dokument
Stord Høgre (motteke 20.03.23 kl. 21.07.pdf)
Har du røysterett og står i manntalet?
Alle veljarar som har røysterett og som er busette i Noreg står i manntalet i den kommunen dei var registrert busett i per 30.06.2023 Har du flytta etter denne datoen, er du fortsatt registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå. Du kan då velje om du vil røyste på valdagen i den kommunen du flytta frå, eller om du vil førehandsrøysta.
Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn. Dersom du meinar at du eller nokon annan er uriktig innført eller utelaten frå manntalet kan du krevja at feilen vert retta opp. Kravet skal vera skriftleg og sendast til Valstyret i Stord: post@stord.kommune.no eller per post til postboks 304, 5402 Stord.
Dette er krava du må ha for å kunne røysta ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023:
- Har fylt 18 år innan utgangen av 2023
- Norsk statsborger
- I tillegg har personar som ikkje er norske statsborgarar, men som fyller vilkåra i vallova §2-1, røysterett dersom dei:
- har stått innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei siste tre åra før valdagen, eller
- er statsborgar i ein anna nordisk land og er blitt folkeregistrert som busett i Noreg seinast 30. juni valåret.
- I tillegg har personar som ikkje er norske statsborgarar, men som fyller vilkåra i vallova §2-1, røysterett dersom dei:
Bur du i utlandet
Bur du i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert busett då du flytta frå Noreg.
Har du ikkje vert busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søkje om innføring i manntalet.
Står du ikkje oppført i manntalet, kan du senda skriftleg søknad om bli innført. Til søknadsskjema for innføring i manntal
Send skjema til:
Valstyret i Stord: post@stord.kommune.no eller per post til postboks 304, 5402 Stord.
Det vil også vera mogeleg å søkja om innføring i manntalet når du røyster. Det gjeld både ved førehandsrøystinga og på valdagane.
Tidlegrøysting i Stord rådhus
Du kan tidlegrøysta på kvardagar i perioden 3. juli - 9. august 2023 på Stord rådhus kl 10.00 - 14.00.
Ved tidlegrøysting brukar ein felleslister og avkryssing for aktuelt parti. Partilistene er ikkje klare før førehandsrøystinga.
Førehandsrøysting i Stord rådhus
Tidsrom: 10. august til 8. september.
Stad: Stord rådhus
Dag | Veke 32 (10.-13.aug.) | Veke 33 (14.- 20.aug) | Veke 34 (21.-27.aug) | Veke 35 (28.aug.-3.sept.) | Veke 36 (4.-8. sept) |
---|---|---|---|---|---|
Måndag | Tidlegrøysting 10.00-14.00 | 09.30-15.00 | 09.30-15.00 | 09.30-15.00 | 09.30-15.00 |
Tysdag | Tidlegrøysting 10.00-14.00 | 09.30-15.00 | 09.30-15.00 | 09.30-15.00 | 09.30-15.00 |
Onsdag | Tidlegrøysting 10.00-14.00 | 09.30-15.00 | 09.30-15.00 | 09.30-18.00 | 09.30-15.00 |
Torsdag | 09.30-15.00 | 09.30-15.00 | 09.30-15.00 | 09.30-18.00 | 09.30-18.00 |
Fredag | 09.30-15.00 | 09.30-15.00 | 09.30-15.00 | 09.30-15.00 | 09.30-15.00 |
Laurdag | Stengt | Stengt | 10.00-14.00 | 10.00-14.00 | Stengt |
Det vert også førehandsrøysting på følgjande helse- og sosialinstitusjonar: Stord sjukehus, Stord sjukeheim og Knutsaåsen Omsorgssenter.
Me oppmodar om å førehandsrøysta.
Røysting heime
Veljarar som grunna:
- sjukdom
- uførheit
og som difor ikkje kan røyste på nokon av de ordinære førehandsrøystelokala, kan søkje om å røyste der dei oppheld seg. Fristen for å søkje om dette er tysdag 5. september kl. 12.00.
Send søknad til e-post: fellestenester@stord.kommune.no eller ring oss på 53 49 66 00 (måndag til fredag klokka 09.30 - 14.30)
Hugs legitimasjon
Du må vise legitimasjon når du skal røyste. Legitimasjon kan til dømes vere pass, førarkort eller bankkort med bilete, men du kan også bruke annan type legitimasjon. Legitimasjonen må minst innehalde namn, fødselsdato og bilete.
Dersom du oppheld deg på ein institusjon som sjukeheim eller sjukehus, kan du få ein tilsett ved institusjonen til å stadfeste identiteten din. Den tilsette må då legitimere seg.
Vallokale og opningstid på valdagen
Røystekrins | Røystelokale | Opningstid |
---|---|---|
Huglo | Huglo skule (gamleskulen) | 15.15 - 18.15 |
Leirvik | Kulturhuset | 09.00 - 21.00 |
Sagvåg | Nysæter ungdomsskule | 09.00 - 21.00 |
Nordbygdo | Prestagardsskogen fleirbrukshall | 09.00 - 21.00 |
Hugs at du har lov til å røysta i det lokalet du ønskjer!
Hugs gyldig legitimasjon når du skal røysta. Eksempel på gyldig legitimasjon er pass, førarkort eller bankkort med bilete. Legitimasjon skal innehalda bilete, namn og fødselsdato.
Me oppmodar om å førehansrøyste på Stord rådhus perioden 10. august til 8. september.
Hjelp til å røyste i vallokalet
Ta kontakt med ein valfunksjonær dersom du har spørsmål eller treng rettleiing når du skal røyste. Valfunksjonærane har teieplikt.
Har du ei psykisk eller fysisk funksjonsnedsetjing som gjer at du ikkje kan røyste åleine? Då har du rett på å få hjelp til å røyste av ein valfunksjonær eller ein annan person som du sjølv peikar ut.
Valkort
Valkortet er ei stadfesting på at du har røysterett. Der står det også kvar og kva tid du kan røyste på valdagen.
Valkortet blir sendt til din digitale postkasse eller i Altinn. Har du reservert deg mot digital kommunikasjon med det offentlege, eller ikkje har brukt ID-porten på 18 månader, får du valkortet på papir via brevpost.
Du treng ikkje valkortet for å røyste, men det sparer deg for tid.
Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.
Me oppmodar om å førehandsrøyste på Stord rådhus i perioden 10. august til 8. september.
Valstyret
Valstyret har ansvar for forbereiing og gjennomføring av stortingsval, og kommunestyre- og fylkestingsval. Dei har også ansvar for godkjenning av listeforslag og kven som vert stemt inn (valoppgjer).
Valstyret vert leia av ordførar Gaute Straume Epland. Sjå heile medlemsoversikten