- Prosessen starta i 2011 og kommunane har gjennomført både politiske og administrative samarbeidsprosjekt for å få til denne ordninga, fortel kommunalsjef Kjell Magnar Mellesdal i Bømlo kommune.

Akuttmedisinske tenester

Sunnhordland interkommunale legevakt IKS er plassert ved hovudinngangen til Stord sjukehus. Legevakta skal sikre at innbyggjarane får fagleg forsvarleg akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus ved behov for snøgghjelp. Om lag 30 000 innbyggjarar soknar til den nye legevaktstenesta.

- Me gjev hjelp til helseproblem som ikkje kan vente til vanleg kontortid. På dagtid skal ein framleis nytta fastlegen sin, opplyser Janett Svendsen, dagleg leiar for legevakta.

Legar som arbeidar ved legevakta er tilsette i Stord, Bømlo og Fitjar kommunar. Sjukepleiarane er frå Stord og Bømlo, og mange har lang erfaring frå arbeid ved legevakt. Kvardagar i ordinær opningstid, frå klokka 15.00-22.00, er to sjukepleiarar og ein lege på jobb. Heile veka på natt er ein lege til stades i aktiv vakt, og i helger samt heilagdagar har ein i tillegg ein ekstra lege i bakvakt på dagtid.

Framtidsretta driftsform

Fleire kommunar i landet har valt å samarbeida tvers over kommunegrenser for å etablera interkommunale legevaktstenester, og i Sunnhordland er ein sikker på at driftsforma er framtidsretta.

- Ordninga gjev ein meir robust og stabil teneste til innbyggjarane. I tillegg får ein eit større kompetansemiljø, styrka bemanning, mindre vikarbruk og auka opningstider, seier kommunalsjefen.

Legevakta nyttar seg av timebestilling, men vil alltid hjelpa dei sjukaste først. Til ein kvar tid skal ein nytta den døgnopne telefonen ved å ringja 53 41 63 00.

Opningstider for Sunnhordland interkommunale legevakt IKS:

Kvardagar: 15.00 – 22.00
Helg: 08.00 – 22.00
Heilagdagar: 08.00 – 22.00

Besøk den nye heimesida til legevakta og les meir om tenesta her.

Bilete på topp: Tysdag 18. februar vart det arrangert pressekonferanse i høve opninga av den nye interkommunale legevakta. Frå venstre: Knut J. Gram (kommunalsjef i Stord kommune), Anne Berit Hovstad Johansen (helse- og sosialsjef i Fitjar kommune), Kjell Magnar Mellesdal (kommunalsjef i Bømlo kommune), Bjarte Wilhelmsen (fastlege), Lars Helge Sørheim (kommunelege i Stord kommune) og Janett Svendsen (dagleg leiar i Sunnhordland interkommunale legevakt IKS).