I vår barnehage legg me vekt på at barna skal få bruke kroppen sin mest mogleg når me er ute på tur, og me tek sjeldan med oss vogner til dei yngste. Me vil at barna skal få utfalde seg og oppleve glede og meistring ved å bruke heile kroppen. Målet med turen er at barna skal ha ei god oppleving og me legg vekt på at det skal vere tid og rom for at barna skal få stoppe opp, utforske, leike og prøve sjølv. 

Me er så heldig at me har eit variert naturområde rett utanfor barnehagen og me slepp å gå langs vegen for å kome oss til eit variert og passe utfordrande skogsområde. Denne dagen gjekk me til skogen nedanfor barnhagen. Me fann mose på tre og stubbar, lauv på bakken og høgdepunktet var å ete skogsbær og helse på sauene.