Stord kommune føl dei nasjonale reglar og tilrådingar.

Les meir på udir.no

Testing før barnehage og skulestart

Alle tilsette i barnehagar og alle elevar og tilsette i barneskular, ungdomsskular, vidaregåande skule og vaksenopplæringa vert sterkt oppmoda av sentrale myndigheter om å testa seg med ein hurtigtest innanfor 24 timer før dei går på jobb eller skule første dag etter juleferien.

Helsedirektoratet har bedt kommunane om å prioritera ein hurtigtest til alle elever og tilsette til dette formålet.

Formålet med at alle tilsette og elever testar seg, er å fanga opp smitte før oppstart i barnehagar og skular

Stord kommune vil fylgja denne oppmodinga og legg til rette for utdeling av hurtigtest laurdag 1.1.22 frå kl.15.00 til kl.17.00. 

Heimatesting

Testinga skal skje heima og seinast innan 24 timer før ein møter opp, men helst same morgon som elevar og tilsette ved skulane skal på skulen 3. januar. Den same tilrådinga gjeld for tilsette i barnehagar.

Stord kommune legg til rette for at alle som treng det kan henta testar første nyttårsdag (laurdag 1.1.22) frå klokka 15.00 til kl.17.00. Har du hurtigtest liggjande heime kan du bruke den.

For å få hurtigtesten møter du opp på oppgitt plass slik det står under.

For effektiv gjennomføring utan lange køar skal foreldre, føresette og tilsette henta hurtigtesten her:

  1. Koronasenteret på Heiane -  Elevar og tilsette ved Langeland skule og tilsette ved barnehagane i sentrum og Heiane området kan henta sine hurtigtestar ved koronasenteret på Heiane.
  2. Vikahaugane idrettshall ved rundkøyringa – Elevar og tilsette ved Leirvik skule og Stord ungdomskule kan henta sine hurtigtestar ved Vikahaugane idrettshall, rundkøyringa.
  3. Sagvåg skule - Elevar og tilsette ved Nysæter ungdomsskule, Sagvåg, Tjødnalio, Litlabø skule og tilsette i barnehagane i område Sagvåg Litlabø kan henta sine hurtigtestar ved Sagvåg skule.
  4. Nordbygdo ungdomsskule - Elevar og tilsette ved Nordbygdo ungdomsskule, Rommetveit og Hystad skule og tilsette i barnehagane i område Nordbygdo kan henta sine hurtigtestar ved Nordbygdo ungdomsskule.

Alle som skal henta hurtigtest må bruka munnbind.

Stord vidaregåande skule og Stord vaksenopplæring

Elevar og tilsette ved vidaregåande skule og vaksenopplæringa som har hurtigtest kan ta denne same morgon som dei møter på skulen etter juleferien. Dei som ikkje har test liggjande får utdelt ved første fysiske oppmøte på skulen.

Informasjon til føresette med barnehagebarn i høve koronasituasjonen desember 2021 og januar 2022

I Regjeringa sin pressekonferanse måndag 13. desember 2021, vart det orientert om at alle barnehagar frå seinast torsdag 16. desember skal driftast på minst gult nivå i trafikklysmodellen. Tiltaket gjeld i minimum fire veker.

Mange barnehagar opplever det no som svært krevjande å ha ei normal drift. Både den nye bølga av covid-19 og andre virusutbrot medfører høgt sjukefråvær blant tilsette. Dette vert forsterka av eigne karanteneregler knytt til mistanke om smitte av omikron-varianten.

Med bakgrunn i dette vil barnehagane i Stord kommune frå torsdag 16. desember og i fire veker framover ha redusert opningstid. Opningstida deira vert kl 07.30 – 16.00. 

Barnehagane oppmodar bedriftene i kommunen om å vera fleksible så føresette kan bringa og henta barna innanfor dei reduserte opningstidene.

Trafikklysmodellen med grønt, gult og raudt nivå viser kva smitteverntiltak barnehagane skal følgja:

  • Grønt nivå betyr at barnehagekvardagen kan organiserast som normalt. Det vil sei vanleg organisering av avdelingar.
  • På gult nivå kan heile avdelingar reknast som ein kohort. Barnehagane må framleis ha fleire tiltak for å redusera kontakt og halda avstand mellom ulike kohortar.
  • På raudt nivå skal barna delast inn i mindre grupper og kohortar. Barnehagane må vurdera ulike oppmøtetidspunkt for barna og syta for at det er avstand mellom kohortar som ikkje samarbeider.  

Myndigheitene har sagt at barnehagane no skal vera på gult nivå. Dersom smittesituasjonen i samfunnet endrar seg, må barnehagane vera budde på å endra til raudt nivå.

Dei viktigaste smittevernførebyggande tiltaka som står omtalt i den sentrale smittevernrettleiaren er:

  • Sjuke personar skal ikkje vera i barnehagen
  • God hygiene
  • Avstand og redusert kontakt mellom personar

Sjå smittevernrettleiarar for barnehage og skule

Det trygt for barn å gå i barnehagen. Barnehagane skal framleis gje barna den fysiske omsorga dei treng og syta for at dei opplever tryggleik, kjenner at dei høyrer til og trivst i barnehagen.

Foreldrebetaling

  • Føresette til barnehagebarn skal betala etter ordinære reglar i forskrift 16. desember 2005 nr. 1478 om foreldrebetaling i barnehagar. Dette gjeld uavhengig av tal timar på tilbodet.
  • Føresette til barn som ikkje får eit tilbod fordi barnehagen er stengt med heimel i smittevernlova, skal ikkje betala for barnehageplassen. 

Midlertidig lov om tilpassinger i barnehageloven, opplæringslova og friskolelova for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av covid-19

Det er per no ingen barnehagar i Stord kommune som er stengt med heimel i smittevernlova. 

Dei kommunale barnehagane sin oppdaterte beredskapsplan for covid-19 vert i løpet av dei næraste dagane lagt ut her