Smitterisikovurdering

Kommuneoverlegen har ansvar for løpande å vurdere risikoen ved utbrot og den generelle smittesituasjonen i Stord kommune.

Kommuneoverlegen vurderer epidemiologisk situasjon, spreiingspotensial og forventa sjukdomsbyrde.

Kommuneoverlegen sin konklusjon

Stord har ingen kapasitetsutfordringar innan TISK (testing, isolering, smittesporing og karantene). På grunn av pågåande utbrot av den engelske og sørafrikanske koronavarianten er det auka risiko for at vi får smittetilfelle med desse variantane til Stord. 

 

Tiltaksplan for avgrensing av smitte blant tilsette

Til tiltaksplan for avgrensing av smitte blant tilsette

Publisert 12.03.20 kl 17.00, oppdatert 11.08.20.

Bakgrunn for lokal smitterisikovurdering

Svært mange lokale utbrot er blitt handtert av éin kommune eller ei gruppe kommunar i samarbeid. Erfaringane er at kommunane har gjort ein god jobb i å slå ned utbrot. Samtidig er det ei utfordring at tiltakene kan variera mellom kommunane, også mellom nabokommunar med mykje kontakt.

Statsforvaltaren (det nye namnet på fylkesmannen frå 2021) skal difor gå gjennom Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratets rapportar om situasjonen i fylket saman med kommunane. Kommunane fastset sitt risikonivå basert på ei løpande vurdering. Statsforvaltaren oppdaterer alle desse risikonivåa på si heimeside.

Dersom dei samla risikovurderingane tilseier at tiltaka bør endrast i geografiske område med fleire kommunar, skal statsforvaltaren bidra til samordning av tiltaka, slik at ein unngår unødvendig variasjon. Statsforvaltaren skal også fremje samarbeid og gjensidig bistand mellom kommunane.

Kjelde: FHI.no

Les meir om risikovurdering på FHI sine nettsider.

Smittevernhandtering ved bruk av utanlandsk arbeidskraft

Som interesseorganisasjon i ein kommune med stor aktivitet i industri- og anleggsbransjen vil me saman med Stord kommune komma med ei oppmoding til alle som brukar utanlandsk arbeidskraft.

Me vil understreka at det er viktig at gjeldande smittevernreglar med 10 døgn obligatorisk karantene vert overhalde. Det er og avgjerande viktig at arbeidarar som får påvist smitte, vert isolert på forsvarleg og god måte. Karantenehotell for vår region er definert til Flesland. Sjå nasjonale retningslinjer på regjeringen.no

Me vil også gjera merksam på at regjeringa 10.11.20 etablerte ei ny kompensasjonsordning for utgifter i samband med innleige av utanlandsk arbeidskraft Denne ordninga skal letta på dei utgiftene bedrifter må ta i den krevjande situasjonen me er i.

Dersom det er verksemder som ser behov for meir lokale ordningar, er Stord kommune open for at me lagar det. Det viktigaste framover er å hindra at smitte brer seg og råkar sårbare personar og grupper i samfunnet vårt.

Stord kommune og Stord Næringsråd stiller seg til disposisjon for å bidra som tilretteleggjar, og me vil be om at alle bedrifter som tek inn utanlandsk arbeidskraft no og i månadene framover, melder frå om dette til kommunen. Dette gjeld også bedrifter som bruker underleverandørar med utanlandsk arbeidskraft. Melding kan sendast til: post@stord.kommune.no

Stord kommune vurderer importsmitte i samband med innleige av utanlandsk arbeidskraft som ein av dei største risikoane for ytterlegare smittespreiing i lokalsamfunnet vårt. Det er difor viktig for kommunen å få ei oversikt over omfanget av innleige av utanlandsk arbeidskraft, og komma i dialog med dei bedriftene dette gjeld.

Me har alle eit ansvar for å hindra smittespreiing gjennom å følgja nasjonale og lokale påbod og oppmodingar.

Takk for at de alle er med på dugnaden!