Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Tilskot til idrettsanlegg

Vil du byggja ein sandvolleyballbane, ein ballbinge eller ein klatrevegg? Du kan søkje kommunen om tilskott til å byggje eit idrettsanlegg eller eit uteområde berekna for fysisk aktivitet.

Tenesteomtale

Idrettslag kan søkja om tilskot for å byggja eit idrettsanlegg eller for å rehabilitera eller innreia eit eksisterande idrettsanlegg. Eit anlegg kan vera alt frå ein klatrevegg til ein alpinbakke.

Burettslag og samskipnader kan òg søkja om tilskot til å utvikla eit nærmiljøanlegg, som er eit utandørsområde for eigenorganisert fysisk aktivitet. Til dømes ein trimpark eller ein ballbinge.

Reine reiskapsleikeplassar (sandkassar, husker, sklier, klatrehus o.l.) fell utanfor ordninga. Personleg utstyr og forbruksmateriell kan heller ikkje få tilskot.

Målgruppe

Midlar til idrettsanlegg kan søkjast av blant anna kommunar, idrettslag og ikkje-kommersielle selskap med idrett som føremål. 

Midlar til nærmiljøanlegg kan òg søkjast av velforeiningar og burettslag.

Kriterium/vilkår

Anlegget må vera ope for publikum.

Eigarskap skal ikkje vera basert på forteneste.

Kulturdepartementet har utforma retningslinjene for kven som kan søkja og korleis ein skal søkja.

  • Skal du søkja om tilskot til eit idrettsanlegg, må du følgja retningslinjene i kapittel 2 i "Avgjerd om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - 2022".
  • Skal du søkja om tilskot til utvikling av eit nærmiljøanlegg, må du følgja retningslinjene i kapittel 3 i "Avgjerd om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - 2022."

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

  • Kontakt oss for å registrera anlegg i anleggsregisteret
  • Me gjer ei vurdering og fører det eventuelt opp i kommuneplanen
  • No kan du senda inn søknaden (www.anleggsregisteret.no)
  • Me kontrollerer søknaden og oversender til fylkeskommunen, innan 15. januar
  • Fylkeskommunane gjennomgår og handsamar søknadene, innan 15. mars
  • Kulturdepartementet fordeler spelemidlar til fylkeskommunane, innan 15. mai
  • Fylket løyver eller avslår søknadar, og sender svar til søkar, som regel innan 1. juli.
  • Søkarar som får tilskot, ferdigstiller anlegget og reviderer sluttrekneskapen før det vert sendt inn utbetaling av tilskot.

Søknadsfristen i Stord kommune er 15. oktober.

Saksbehandling

Kommunen mottek den elektroniske søknaden, gjennomgår han og gjer ein intern prioritering av søknader. Dette skjer normalt i form av eit politisk vedtak. Søknadene vert vidare sendt til fylkeskommunen innan 15. januar kvart år. Det er fylkeskommunen som avgjer søknaden. Fylkeskommunen skal innhenta dei opplysningane som er naudsynte for å avgjera saka. Deretter fattast det eit vedtak. Vanlegvis får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving viss det kan tenkjast at du vert misnøgd med vedtaket. Viss grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få han ved å henvenda deg til fylkeskommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Høve til å klage

Viss du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Kulturdepartementet innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgt med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du henvende deg til kommunen eller til fylkeskommunen.

Kontakt

Ta kontakt med rådgjevar for idrett- og friluftsliv før du søkjer:
Sylve Rusten

Telefon 900 92 581

Send e-post: sylve.rusten@stord.kommune.no

Tenesta oppdatert: 14.09.2023 09:16