Eit stort datamateriale med opplysningar om Sunnhordlandsslekter har i eit tid vore søkbart på Stord folkebibliotek sine heimesider. Onsdag 18. januar var det offisiell overtaking av denne unike gåva frå Hans-Magne Eikeland (85).

Pensjonisten frå Kyvik på Stord har arbeidd med å systematisera slektsopplysningar frå Sunnhordland i 23 år. No kan alle med slekt i området, finna fram til forfedrane sine ved hjelp av nokre tastetrykk.

I slektsbanken kan du både søkja bakover i tid gjennom anetavler, og du kan søkja i etterslektslister.  

Hans-Magne Eikeland nytta høvet til å takka for at kommunen ville ta i mot materialet. Han retta også ei særskilt takk til Jakob Gullberg som fekk i stand samarbeidet med kommunen, og til Bjørnar Withbro ved Stord folkebibliotek.

Ordførar Liv Kari Eskeland nytta også høvet til å gi ein blomebukett til Hans-Magne Eikeland si kone Johanna. 

– Det står alltid ei sterk kvinne bak, slo ordføraren fast.

Slektsbanken inneheld 38 000 listesider som Eikeland har katalogisert og systematisert, til glede for alle som er interessert i slekt og slektsgransking.

Søk i slektsbanken