Gratis hurtigtest

Du kan henta gratis hurtigtest / sjølvtest:

Leirvik: kulturhuset og rådhuset

Sagvåg: blåbygget

  • Det er maksimalt 2 pakkar per person i husstanden som treng test.
  • Ikkje møt opp for å hente test dersom du har symptom på korona.

Time for koronatesting

Dersom du har positiv hurtigtest heime så melder du inn ditt positive prøvesvar på helseboka.no  Registreringa di av positiv heimetest vert ikkje registrert på dine prøvesvar på Helse Norge. Det er berre PCR- test utført av helsepersonell som vert registrert på Helse Norge.

Du bør halde deg heime med nyoppståtte luftvegssymptom til dess til formen din er god. Les meir om råd, og få vidare rettleiing på Helse Norge 

PCR-test for gyldig koronasertifikat treng du dersom du er:

  • uvaksinert
  • under 16 år
  • har 1 eller 2 dosar vaksine. 

Dersom du har 3 vaksinedosar, eller 2 dosar og i tillegg har hatt koronasjukdom siste 3 månader så treng du ikkje bekreftande PCR-test.

Koronatest for utanlandsreise har eit gebyr på kr 500,-

Om du treng PCR-test så ta kontakt med legevakta på telefonnummer 116117, kl 8-15 kvardagar og du vil få vidare rettleiing og time til test om det er behov for det.

Dersom helsetilstanden krev at du treng legehjelp, ta kontakt med legevakten 116117 eller ditt fastlegekontor.

 

Helsenorge: Testing og isolasjon 

Kvar er testsenter / Koronasenteret

Testinga skjer ved Sunnhordland interkommunale legevakt, Tysevegen 64, 5416 Stord. Tlf. 116117.

Testen blir tatt av helsepersonell utanfor bygget medan du sit i bilen, og er overstått på kort tid. 

For deg som er smitta av korona

Dersom du har 3 vaksinedosar, eller 2 dosar og hatt koronasjukdom siste 3 mnd så treng du ikkje bekreftande PCR test. For å halde mest mogleg oversikt over smitte i kommunen vår så registrer du positivt koronatest her 

Dersom du er uvaksinert, under 16 år, har 1 eller 2 dosar vaksine eller har alvorleg svekka immunforsvar så er vaksne tilrådd bekreftande PCR-test. For barn og unge er det valfritt å testa seg. Registreringa av positiv heimetest vert ikkje registrert på dine prøvesvar på Helse Norge. Det er berre test tatt ved testsenter som vert registrert på Helse Norge.

Du finn informasjon til å bestilla PCR koronatest under  avsnittet "Bestill time til koronatesting" 

Dersom helsetilstanden din vert forverra og du treng legehjelp ta kontakt med legevakt 116117 eller ditt fastlegekontor. 

Du finn god informasjon på Helsenorge.no, eller trykk på lenkje her

 

 

Testsvar

Svar på PCR-testar  kjem via SMS. Du vil i løpet av ei tid etter prøvetaking få melding frå Helse Norge om at du har fått eit prøvesvar.

Dersom du testar positivt på hurtigtest tatt ved testsenter vil du i tillegg til å få SMS frå Helse Norge. Registrer at du har fått koronasmitte på kommunen sine heimesider. 

Informasjon for deg som skal reise utanlands

Ein fylgjer kvart land sine innreisereglar, og ein har sjølv ansvar for å setje seg inn i kva reglar som gjeld. Sjå meir informasjon her frå FHI.

Utenriksdepartementet har laga ein eigen app med oppdatert informasjon som kan lastast ned til din telefon.

Test i samband med utanlandsreise vil etter 01.06.22 ha ein eigenandel på kr 500,- pr test. 

Influensa og koronavirus

  • Influensa gjev: hovudverk, muskelsmerter, feber, hoste og «snørr og tårer» (luftvegssymptom). 
     
  • Covid-19 gjev: 
    - Vanlege symtom: 
    feber, tørrhoste, trettheit.
    - Mindre vanlege symptom: verk og smerter i kroppen, sår hals, diaré, augekatarr, hovudverk, tap av smaks- eller luktesans, utslett på huden eller misfarging av fingrar eller tær.
    - Alvorlige symptom: pustevanskar eller andpustenheit, brystsmerter eller trykk i brystet, tap av tale- eller bevegelsesevne.

Stord kommune føl opp tilrådingar frå Folkehelseinstituttet og Fylkesmannen. I tillegg er det etablert ei koordineringsgruppa mellom kommunane i området og Helse Fonna.

Det er folk og helsetenesta i kommunane som kan dempa smittefaren og såleis avgrensa utbreiinga og toppen på epidemien.