Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Vaksine

Du har rett til å få vaksinering mot smittsame sjukdommar. Det er kommunen si helseteneste som står for tilbodet.

Tenesteomtale

Helse- og omsorgstenesta tilbyr deg vaksinering mot smittsomme sjukdommar. Ta kontakt med fastlegen eller helsestasjonen. Det nasjonale vaksinasjonsprogrammet inneheld

  • barnevaksinasjonar til alle barn i førskule- og grunnskulealder
  • årleg sesonginfluensavaksinasjon til personar som er særleg utsette
  • vaksinasjon mot pandemisk influensa
  • vaksinasjon mot covid-19
  • andre vaksinar til visse risikogrupper (t.d. pneumokokkvaksine, hepatittvaksine, BCG)

Målgruppe

Personar som bur eller har mellombels tilhald i kommunen

Kriterium/vilkår

Nasjonalt folkehelseinstitutt fastset kva for personar som er i risikogruppene og som skal få tilbod om sesonginfluensavaksinasjon. Ved pandemisk influensa tilbyr kommunen vaksinering etter retningsliner frå Nasjonalt folkehelseinstitutt.

Pris for tenesta

Barnevaksinasjon og vaksinasjon mot covid-19 er gratis. Elles betaler du ein eigendel.

Prisliste reisevaksinering 

Per 16.01.23. Alle prisane er pr. vaksine/dose. Konsultasjonspris kjem i tillegg til utsalspris.

Konsultasjon/reiseråd vaksne 250,-
Konsultasjon/reiseråd born t.o.m. 15 år 50,-
Konsultasjon/reiseråd studentar/skuleelevar 16-19 år 100,-
Familiekonsultasjon/reiseråd, 2 vaksne og fleire enn 2 born/ungdom 600,-
Påfyll og konsultasjon nr. 2, 3 (eller fleire) for same reise, born gratis 100,-
Nytt vaksinasjonskort 100,-
Resept Malariatablettar 100,-

Ved manglande frammøte som ikkje er førehandsvarsla, vert det sendt krav om betaling av konsultasjonsgebyr.

Innkjøpspris er henta frå Folkehelseinstituttet si prisliste pr. 16.01.23. Utsalspris dekkjer utgifter til materiell m.m., og kjem i tillegg (kr. 90,- pr. dose, avrunda beløp)

Vaksinetype Innkjøpspris pr. dose Utsalspris Inkl. tillegg
Difteri-tetanus-kikhoste-polio, Boostrix polio 421,01 510,-
Difteri-tetanus-kikhoste-polio, Tetravac (basisvaks) 300,72 390,-
Difteri/stivkrampe/kikhoste, Boostrix 227,96 320,-
Polio, Imovax Polio 147,81 240,-
Gulfeber, Stamaril 380,27 470,-
Hepatitt A, Havrix (born1- t.o.m. 15 år 247,55 340,-
Hepatitt A, Havrix (vaksne f.o.m. 16 år) 308,12 400,-
Hepatitt A, Vaqta (born 1-17 år) 259,65 350,-
Hepatitt A, Vaqta (vaksne f.o.m. 18 år) 324,31 415,-
Hepatitt B, Engerix (born 0 – t.o.m. 15 år) 198,37 290,-
Hepatitt B, Engerix (vaksne f.o.m. 16 år) 265,54 355,-
Hepatitt A+B, Twinrix (born 0 – t.o.m. 15 år) 392,07 480,-
Hepatitt A+B, Twinrix (vaksne f.o.m. 16 år) 562,76 650,-
Kolera/turistdiare, Dukoral, drikkevaksine 306,77 395,- (x2)
Meningokokk ACWY, Nimenrix/Menveo 388,57 / 390,57 480,-

Meningokokk ACWY, Nimenrix/Menveo, elevar i vidaregåande skule/ungdom 16-19 år

388,57 / 390,57 100,- inkl. konsultasjon
Tyfoidfeber, Typhim Vi 203,03 295,-
Tyfoidfeber, Vivotif, 1 dose=3 kapslar 234,36 325,-
Rabies, Rabipur 679,31 770,-
Vannkoppar, Varilrix 458,83 550,-
Japansk encefalitt, Ixiaro 891,78 980,-
Skogflåttencefalitt, Ticovac, vaksen 369,18 460,-
Skogflåttencefalitt, Ticovac, born 349,79 440,-
Haemophilus influenzae type b, Act-Hib 336,80 425,-
HPV, Cervarix 925,35 1015,-
Tuberkulose, BCG 0,- 90,-
MMR, Priorix 0,- 90,-

 

Lover

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Sjå
helse- og omsorgstenestelova § 1-1 og § 3-1
smittevernlova kapittel 3 

Forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram
Smittevernloven
Helse- og omsorgstjenesteloven

Høve til å klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.

Kontakt

Vaksinekontoret tlf. 481 44 387

 

Reisevaksine

Bestill time til reisevaksine god tid før avreise! Bestill time via vaksinekontoret eller via e-post til reisevaksinering@stord.kommune.no

 

Besøksadresse

Stord helsepark, 3.etg i Borggata 7-9, Leirvik

Postadresse

Postboks 323
5402 Stord

Tenesta oppdatert: 27.04.2021 16:33