Føyen-samlinga
Foto: Lenora R. S. Gjerde

Føyen-samlinga

Dette er ei større testamentarisk bokgåve av eldre dato.

Samlinga inneheld vesentleg eit stort utval av norsk skjønnlitteratur frå før andre verdenskrig, i tillegg til ein del omsett litteratur.

Stord kommune fekk i si tid boksamlinga til ekteparet Jean Fridolf og Una Føyen. Jean Fridolf Føyen (1878-1942) var født på Stord, og var i mellomkrigstida kjend m.a. som ein fin novellist.

 Jean Føyen – lokalhistoriewiki.no

Sunnbibpodden

Heim til Sunnhordlandslitteraturen - ein podcastserie

«Heim til Sunnhordlandslitteraturen» er ei podkastserie på 7 episodar. med lokale forfattarar. Dei åtte biblioteka i Sunnhordland har laga si eiga podkast, kalla «Sunnbib-podden».

Over 60 aktive forfattarar blir rekna som sunnhordlandsforfattarar. Me ønskte å skapa større merksemd om dei ulike forfattarrøystene me har her i regionen.

Podkastserien tar utgangspunkt i ein serie der lyttarane blir med dei ulike forfattarane på ein tur til deira ynglingstad for si litterære skriving i Sunnhordland.

Podkastane vil gi ein introduksjon til forfattarskapen, men også spørja spørsmål som: Kor er det diktarane finn inspirasjon og kreasjon?

Kva er det staden gir forfattaren? Har staden hatt noko å seia for forfattarskapet?

Prosjektet har fått støtte til podkastserien «Heim til Sunnhordlandslitteraturen» frå Norsk kulturråd.

Me har intervjua desse forfattarane:

Mads Rage
Anders Totland
Anna Folkestad
Atle Hansen
Agnes Ravatn
Bjørn Sortland
Einar Økland

Klikk på forfattarens namn for å høyra podcasten.

Lokalsamling
Foto: Lenora R. S. Gjerde

Lokalsamling

Biblioteket har ei stor lokalsamling.

Her har biblioteket samla bøker og trykk som har Stord som tema. I tillegg inngår bygdebøker frå distriktet vårt i samlinga.

Lokalsamlinga har fått sitt eige rom på hovudbiblioteket. Her er og ein hyggleg lenestol, for her blir ein ofte sitjande lenge og bla i gamle minner.

I tillegg har me tre spesialsamlingar som både famnar lokalhistorie og Noregshistorie til utlån:

Føyen-samlinga
Maritim samling
Notesamling for kor

Maritim samling
Foto: Lenora R. S. Gjerde

Maritim samling

Dette er ei spesialsamling innan maritime emne.

Samlinga er bygd opp på grunnlag av midlar i ei større testamentarisk pengegåve til biblioteket frå ekteparet Lars og Alvilde Skarpnes. Samlinga femnar om maritime emne i vid tyding av ordet, og både populære og vitskaplege bøker inngår.

I den maritime samlinga er m.a. bøker om sjøfartshistorie, oppdagingsreiser, fartøytypar og sjømannsliv, skipsbygging og navigasjonsteknikk m.v.

Bøkene i samlinga er til vanleg utlån.

Bergens Sjøfartsmuseum - Bergens Sjøfartsmuseum (museumvest.no)

Notesamling
Foto: Lenora R. S. Gjerde

Notesamling for kor

Notesamlinga som Stord folkebibliotek har fått av Stord-koret har nærmare 600 titlar med trykte noter, fyrsteutgåver og originalmanuskript.

Notesamlinga har eksemplar på norske og utanlandske musikktrykk i de fleste genrar, frå alle periodar. Større verk som «Juleoratoriet» av Johan Sebastian Bach og «Requiem» av Wolfgang Amadeus Mozart. Handskrivne noter som arrangement med folketonar som tidlegare organist Otto Bakke har laga. «Herlege Stordøy» og Emil Moes «Fitjar-tango» er også tilgjengeleg.

Samlinga har vore i Stord-koret sitt eige.

Roald Sangolt som har vore dirigent for koret har på fritida si gått gjennom og registrert samlinga og registrert den i biblioteket sitt system. No kan du søkje etter songar på lik linje som du søkjer etter bøker. Du kan også tinga notane på same måte du tingar bøker.

Me takkar Stord-koret for notesamlinga me har motteke som gåve. Ikkje minst takkar me Roald Sangolt for dugnadsarbeidet han har gjort med samlinga.

Søk her: Stord folkebibliotek