Meddommarar skal representera eit gjennomsnitt av befolkninga. Difor ønskjer me eit mangfald av søkjarar. 

Dersom du vert valt som meddommar, kan du rekna med å bli kalla inn ein til tre gonger i året. Ei sak kan vare frå ein halv dag til å strekkja seg ut over fleire veker. 

Me søkjer etter:

  • Meddommarar til tingretten
  • Meddommarar til lagmannsretten
  • Meddommarar til jordskifteretten

I tillegg skal kommunen fremja forslag til skjønnsmedlemmar som skal veljast av fylkestinget. 

Kommunestyret vedtek kven som skal veljast til meddommarar i kommunestyremøtet i juni. 

Kven kan bli meddommar

For meddommarar til tingretten og lagmannsretten vert det ikkje kreve nokon spesiell fagleg bakgrunn. 

For meddommarar til jordskifteretten har det vore vanleg å velja personar med fagleg innsikt i skog- og jordbruk, vegbyggjing m.v.

Til skjønnsmedlemmar er det ein fordel at du har fagleg innsikt i byggningsvesen, jord- og skogbruk, drift av fast eigedom og rekneskap. Du kan vera meddommar i jordskifteretten og skjønnsmedlem i same valperiode. 

Les om ulike typar meddommarar på Norges domstoler

Domstollova § 70 stiller krav til kven som kan veljast som meddommar. Den som skal veljast, må ha tilstrekkeleg norskkunnskapar og vera personleg eigna til oppgåva. I tillegg må vedkommande:

  1. vera over 21 år og under 70 år ved starten av valperioden 01.01.2025
  2. ikkje vera frådømt røysteretten i offentlege anliggender
  3. ikkje vera under offentleg gjeldsforhandling, konkursbehandling eller konkurskarantene
  4. stå innført i folkeregisteret som busett i kommunen på valdagen 
  5. vera statsborgar i Noreg eller eit anna nordisk land, eller ha stått innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen

Sjå krav til vandel og kva stillingar du ikkje kan ha i domstollova §§ 71-73

Kva oppgåver har ein meddommar?

Meddommarar er vanlege innbyggjarar som er med på å avgjera i rettsaker. Som meddommar kan du rekne med å bli kalla inn ein til tre gonger i året. Dei fleste rettsaker varer frå ein til tre dagar, men enkelte saker kan vara lenger. 

Vervet som meddommar i Haugaland og Sunnhordland tingrett, Gulating lagmannsrett eller Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett inneber at du er ein av fleire meddommarar som skal døme saman med juridiske fagdommarar. 

Kommunen skal også fremja forslag til skjønnsmedlemmer som skal veljast av fylkeskommunen. 

Les meir om kva det vil seia å vera meddommar her.  

 Sjå film om kva det vil seia å vera meddommar under. 

Økonomisk godtgjersle

Vervet som meddommar er ei samfunnsplikt, og vanlegvis får du fri frå jobb for å utføra vervet. Om du taper arbeidsforteneste, vert det gjeve ei erstatning for dette. Les meir om dette på:

Kor mykje har du krav på? | Norges domstoler

Korleis søkje om å bli meddommar

Du søkjer ved å fylla ut det digitale Interesseskjema for meddommarar i Stord kommune 

Har du spørsmål kan du ta kontakt med politisk sekretariat ved Wenche M. Johannessen, tlf. 53 49 66 00 (sentralbord) eller e-post post@stord.kommune.no

Søknadsfrist: 10. april 2024. 

Innstilling til meddommarar og skjønnsmedlemmar vert gjort av valkomiteen i mai, deretter vert innstillinga lagt ut på offentleg høyring. Endeleg vedtak vert gjort i kommunestyret i juni, og då vil alle som har søkt få svar.