Onsdag denne veka var nærare hundre personar samla på seminar om omsorgsteknologi på Høgskulen Stord/Haugesund. Målet med seminaret var å koma nærmare svaret på kva moglegheiter som finst med teknologien, kva som skjer i vår eigen region innan dette feltet samt kva brukarane meiner rundt temaet - og ikkje minst kva næringslivet tenkjer. Seminaret var eit samarbeid mellom Høgskulen Stord/Haugesund, Atheno og Stord kommune.

Bilete på topp: Oda Karin Nordfonn, lærar på Høgskulen Stord/Haugesund, Magnus Mjør, rådmann i Stord kommune og Astrid Kjellevold Steinsland, inkubatorleiar i Atheno.