På programmet i gymsalen stod framsyningar med elevane på dei ulike trinna samt musikk ved Rommetveit skulekorps. Under dagen fekk frammøtte også ta del av utstillingar med gamle gjenstandar, loddsal og kaféar i eit skulemiljø inspirert av 1800-talet.

Eit tilbakeblikk i historia

Kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt og rektor Britt Kristin LadehaugDagen vart offisielt opna fredag morgon på Høgskolen Stord/Haugesund ved rektorane frå både høgskulen og Rommetveit skule. Høgskulen markerer at det er 20 år sidan skulen vart høgskule, og dessutan at det er 175 år sidan dei første studentane byrja på campus på Rommetveit. 7. klasse ved Rommetveit skule heldt ei framsyning som gav eit tilbakeblikk på korleis det var å vera barn for 175 år sidan.

- Høgskulen og Rommetveit skule har samarbeida heilt sidan starten, og samarbeidet mellom dei to skulane har gjort begge både sterke og levedyktige. Saman må me jobba for å behalda desse viktige institusjonane i stordsamfunnet i 175 nye år, sa ordførar Liv Kari Eskeland i opningstalen sin.

Etter opninga på høgskulen heldt Rommetveit skule ein eigen opning for elevane, skulepersonalet og føresette. Kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt heldt opningstale, og gav jubilanten eit gåvekort på fem tusen kroner til utviklingsarbeid.

Ikkje betre før

Sofie SætreSkuledagane denne veka har vore prega av ulike aktivitetar med referanse til tida då skulen vart skipa på 1800-talet.

- Det har vore ein kjempekjekk veka, og me har fått gjera mykje som dei gjorde for nærare to hundre år sidan. Me har blant anna laga smør, drakar og knutar som er utstilt på skulen, fortel Selma Skår Lande i 5b.

Likevel om elevane er einige om at det har vore ei kjekk og annleis skuleveka, så er dei glade for å leva i nåtid.

- Me har fått leka at me leve på 1800-talet, og på onsdag gjekk me i klede frå gamle dagar. Det er kjekt å få oppleva litt korleis oldeforeldra våre levde i si tid, men eg trur det er betre å leva i dag. Eg ville nok ikkje gått i gamle klede kvar skuledag, fordi eg synst det er viktig å få velja kva klede ein har på seg, slik at ein kan visa fram personlegdomen gjennom kleda, seier Svein Herheim Junge i 7a.

- Berre tenk korleis det er ikkje å ha mobil, og at barna måtte jobba frå dei var sju år gamle, legg Anne Mathiesen Søyland i 7b til.

- Dessutan vart barna straffa fysisk viss dei for eksempel ikkje hadde gjort leksene sine, påpeikar Selma. 

Rommetveit skulekorps 

Bilete på topp: Framsyning ved 1. og 2. trinn ved Rommetveit skule.

Bilete på topp i artikkel: Kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt gir rektor ved Rommetveit skule, Britt Kristin Ladehaug gåvekort.

Bilete i midten i artikkel: Sofie Sætre i 3. klasse smakar på smøret som elevane har laga.

Bilete på botn i artikkel: Framsyning ved Rommetveit skulekorps.