Utdeling av diplom i samband med pengegåvene frå Sparebanken Vest.Som næraste nabo til Leirvik torg gir Sparebanken 50 000 kroner til trivseltiltak på torget.

– Me trivst på Leirvik og vil at andre også skal gjera det, seier banksjef Svein Ottesen.

Gåva vart overrekt ordførar Liv Kari Eskeland. Stord kommune skal utarbeida forslag til korleis pengegåva skal nyttast.

– Stord kommune er svært takksam for gåva, og ser ho som eit viktig bidrag til å få til ein "ansiktsløftning" for tusenårsplassen vår. Det er flott å ha slike medspelarar og bidragsytarar i kommunen vår, seier ordførar Liv Kari Eskeland.

100 000 til Stordfest

Stordfest 2013 vart tilgodesett med heile 100 000 kroner frå Sparebanken.

– Stordfest er eit arrangement som set Stord på kartet med skuter, yrande folkeliv og flotte artistar. Dette er med på å skapa engasjement, aktivitet og god stemning for fastbuande og tilreisande, meiner Sparebanken Vest.

Bildet:

Haakon S. Vatle frå Stordfest 2013 og ordførar Liv Kari Eskeland med beviset på pengegåvene saman med banksjefane Arve Havnerås (t.v.) og Svein Ottesen (t.h.). (Foto: Gunnar Bjørk)