Folk er redde for å missa akuttberedskapet i kirurgi – om den ryk, så ryk også sjukehuset. Berre planlagde aktivitetar vert att. I nord støttar leiaren i Bergens Tidende dette og synest å meina at kirurgi berre er operasjonar. I sør meiner Haugesunds Avis at framlegget er naudsynt for å styrka Haugesund sjukehus. Utfallet kan likevel verta eit anna. Sjølv om me ønskjer å halda på Helse Fonna kan mangelfull støtte frå Haugesund lett gjera at Stord og Sunnhordland søkjer seg mot Bergen. Fonna vil i tilfelle verte for lite som føretak og Haugesund på sikt organisert inn i Helse Stavanger.

Planen har likevel mykje godt i seg

Nytt utdanningssystem for legespesialistar som er meir tilpassa behovet. Sjukehusa skal fordela oppgåver etter utviklingsplanar sette opp saman med kommunane. Folk skal ha eit tilbod nær der dei bur. Dei skal kjenna seg trygge på å få rask og kompetent hjelp, sjølv om det ikkje alltid vert utført på det næraste sjukehuset. Planen syner at det ikkje nødvendigvis er samanheng mellom volum og kvalitet av tenester. Kvalitetsindikatorane som er brukte til no, er også til liten nytte når totalt behandlingsresultat skal vurderast. Store sjukehus utfører i dag oppgåver som små sjukehus i nærmiljø kan gjera minst like bra. Nokre akutte og spesialiserte funksjonar krev ifølgje planen eit opptaksområde på 60-80.000 innbyggjarar, men fleire stader vert det mindre. Sunnhordland nærmar seg eit opptaksområde på 60.000 innbyggjarar i planperioden.

Kirurgi er meir enn operasjonar

Det er drift av sengepost for pasientar med t.d. brotskadar, infeksjonar, sirkulasjonssvikt, store kroniske sår og pasientar under observasjon for uklare symptom og tilstandar. Det er vurdering av pasientar på andre avdelingar og poliklinisk. Det er opplæring av personell som trengst. Talet på operasjonar utført på natt, er det som seier minst om trongen for å halda oppe akuttfunksjonen eller ikkje.

Stabilt fagmiljø

Helse Fonna har etter kvart sikra eit stabilt fagmiljø på Stord. Fagpersonell ser fordelar med å arbeide på mindre stader, og er med på å utvikle bærekraftige fagmiljø. Stord sjukehus har utvikla kvalitetar som ifølgje planen er viktige å ta vare på. Sjukehuset har og ei velfungerande fødeavdeling.

Må fordela arbeidet mellom sjukehusa

Helse Fonna må fordela arbeidet mellom sjukehusa i føretaket slik at inngrep kan gå føre seg i dei tryggaste tidsromma på døgeret og med effektiv utnytting av senger og operasjonsstover. Det store volumet av akuttkirurgiske tilstandar som er innom Helse Fonna, treng ikkje høgteknologisk behandling eller vera i vegen for andre som treng rask avansert hjelp. 

Kommunane kring Stord sjukehus har samla seg om legevaktordning og etablering av kommunale akutte døgnplasser (KAD) ved sjukehuset. Me treng eit sterkt Helse Fonna som stettar trongen for akuttmedisin og nærleik til folk på Haugalandet og i Sunnhordland. Den beste garantien for dette er at innbyggjarane i Sunnhordland opplever at dei vert tekne i vare av føretaksleiinga i eit likeverdig samarbeid.

Høie vil utvikla pasientane sine helsetenester, ikkje helsetenestene sine pasientar. Han vil sentralisera det han må, men desentralisera det han kan. Eit styrka Stord sjukehus i eit likeverdig samarbeid innafor Helse Fonna vil vera eit viktig steg på vegen mot desse måla.

Harry Herstad, ordførar i Stord kommune
Magnus Mjør, rådmann
Lars Helge Sørheim, kommuneoverlege