Gratulerer med ny jobb, kva tenkte du når du fekk tilbod om rektorstillinga på Nordbygdo ungdomsskule?

Takk. Eg set stor pris på tilliten eg har fått, og det er med stor glede eg har takka ja til stillinga som rektor ved Nordbygdo ungdomsskule. Det er også ei glede som inneheldt alvor og ein stor respekt for den jobben eg no skal inn i. Ungdomstida er ein så viktig del av livet, og me som skule skal bidra til å få ungdomane ut i livet med ei tru på seg sjølv, sine eigne evne og på framtida si. Det er eit stort ansvar. 

Stokke er 43 år og utdanna kokk og allmennlærar. Desse to yrka har ho no kombinert ved å jobba som kokkelærar på Fitjar Vidaregåande skule. 

Det har vore lærerikt og spennande å få eit innblikk inn i den verda eg har sendt elevar vidare til gjennom mange år, seier den nytilsette rektoren.

Ho byrja som lærar ved Stord ungdomsskule i 2006 og arbeidde der til ho byrja på Nordbygdo ungdomsskule hausten 2010. 

Det har vore givande og veldig kjekt å jobba som ungdomsskulelærar, og eg har fått jobba med flotte ungdomar og dyktige kollegaer. Sidan 2016 har eg hatt rolla som trinnleiar. Det fekk augo mine enno meir opp for skuleutvikling og alt som må til for å driva ein skule, seier Mæhle.

Anneli Stokke Mæhle søkte på stillinga som rektor ved Nordbygdo ungdomsskule fordi ho vil ta ansvar for, og bidra til, at Nordbygdo er ein god startgrop for ungdomane. 

Nordbygdo har ein visjon og pedagogisk tankegong som passar meg bra, og eg vil vera med på å vidareføra det gode arbeidet som blir gjort på skulen i dag. Rektor Pål Roseth har laga eit godt grunnlag, og har bygd ein sterk Nordbygdokultur. Den vil eg ta vare på, seier Mæhle.

Gledar seg til å starta jobben som rektor.

Nordbygdo ungdomsskule har ein spesiell plass i lærarhjarta mitt. Eg blir alltid glad når eg går gjennom dørene og inn i skulebygget. Eg gler meg til 1. august. Då skal eg på ny gå inn gjennom dei dørene. Og eg veit eg kjem til å trippa utålmodig fram mot den dagen då skulen blir fylt av spente ungdomar, eit spent personale og ein rektor som truleg er mest spent av alle, smiler Mæhle.

Me ønskjer ho lykka til i den nye jobben.