Regjeringa har valt å prioritere auka tilskot til anlegg med stort brukspotensiale og anlegg der tilskot frå spelemidlane utgjer ein lav andel av totalkostnadane. I tillegg vert tilskot til enkelte anleggstypar der satsen har vert uforandra over flere år, oppjustert. Satsane vert kunngjort i Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - 2025 (V-0732 B) - regjeringen.no
Det betyr for eksempel at tilskotet til ein enkel idrettshall med 7m takhøgde vet auka med 3,5 millionar, mens tilskotet til den største halltypen vert auka med 9 millionar.
Dette er ei gladnyhende for alle som skal byggja nye anlegg! Spesielt kjekt for dei små nærmiljøanlegga der stønadssatsen aukar frå 300 000 til 400 000, men og for dei store kostnadskrevjande anlegga me ser for oss å byggja som til dømes idrettshallar, seier rådgjevar for idrett- og friluftsliv, Sylve Rusten.