Barna treng både kvinner og menn i barnehagen, og i år har Sagvåg barnehage avdeling Nysæter oppnådd ein god balanse med 50 % menn og kvinner.
Med tanke på at det er berre 10% av tilsette i norske barnehagar som er menn, er me stolt og glade for at me har klart å nå målet vårt om fleire menn i barnehagen. Dette er òg i tråd med Kompetanseplan for kommunale barnehagar. Fleire menn i barnehagen har ein positiv effekt på rekrutteringa, då det synliggjer barnehageyrket som ein attraktiv karriereveg for menn, seier einingsleiar Irene Nilsen Vinje.
Ei jamn fordeling av menn og kvinner påverkar arbeidsmiljøet positivt, og barna møter rollemodellar av begge kjønn. I Rammeplanen står det blant at barnehagen skal fremje likeverd og likestilling uavhengig av kjønn. Det er viktig at både gutar og jenter får erfare at menn og kvinner kan løyse dei same arbeidsoppgåvene i barnehagen.
Me opplever at variasjonen i det pedagogiske innhaldet blir større då barnehagen får fleire interesser, ferdighetar og ressursar å spele på når begge kjønn i er representert blant dei tilsette, avsluttar Vinje.