BUA sin takk til lokale gjevarar

Her kan du lesa Pawel Paraniak sin takketale under gjenopninga av den sjølvbetente stasjonen, onsdag 02. juli: 

Kjære gjevarar, samarbeidspartnarar og vener av utlånsordninga til BUA.

Takk til de som har gjort det mogleg å gjenopna den sjølvbetente løysinga til BUA. Gjenopninga handlar om meir enn utstyr og lokale, ho viser kva me får til når lokalsamfunnet står saman.

For nokre månader sidan vart det sjølvbetjente utlånspunktet vårt ved skateparken råka av tjuveri. Det var ei tung oppleving, men me stod ikkje åleina lenge. Med solid hjelp frå næringslivet og engasjerte innbyggjarar har me erstatta alt utstyret – og me har sikra drifta for åra som kjem.

Me har òg forbetra rutinane og teke i bruk nye løysingar som gjev betre oversikt og tryggare utlån. Alt er gjort for å gjera tilbodet enklare og tryggare å bruka.

No kan barn og unge igjen låna skateboard, syklar og rulleskøyter – heilt gratis. Dette handlar ikkje berre om fysisk aktivitet, men òg om glede, samhald og fellesskap.

Tusen takk til alle som har bidratt. Denne ordninga er dykkar forteneste. Må ho leva lenge og gleda mange.

På vegne av BUA
Pawel Paraniak