– Me takkar for tilliten og venskapen som alle dei uforgløymelege venene på Stord har vist oss. Dei verdfulle erfaringane har me teke med oss og informert om i vårt eige kommunestyre, skriv ordførar Valeriano i ein epost.

Føremål med vitjinga og program

Føremålet med vitjinga på Stord var eit partnarmøte i det internasjonale kommuneprosjektet MIC. Tysdag 14. mai var det møte med politikarar og administrasjon i Stord kommune der representantane frå Comalapa kommune fekk leggja fram resultat frå arbeidsåret 2012. Dei viste til stor framgang både når det gjeld holdningsendring og konkrete resultat innan miljø og bosshandsaming, samt auke i talet på kvinner som er med i fora der avgjersler vert tekne.

Ordførar Liv Kari Eskeland, rådmann Magnus Mjør og representantar frå dei ulike komiteane i Stord kommune var og til stades og forklarte korleis Stord kommune vert administrert. Guatemala sin ambassadør i Noreg, Marta Eulalia Estrada, var på ei kort vitjing på Stord og fortalte om mayakulturen, den aktuelle situasjonen i Guatemala og ambassaden si rolle.

Fekk mange gode innspel på SIM

Ein viktig post i programmet for vitjinga var møte med leiinga i SIM og synfaring på Heiane miljøstasjon og i Svartasmoget. Dette gav ordføraren i Comalapa gode innspel og idear til å utvikla det interkommunale samarbeidet dei har med åtte kommunar i Chimaltengango fylke, til å satsa på bosshandsaming.

Det var stor stemning då dei to kvinnene frå Comalapa vitja Husflidslaget, og Angela Mich frå kvinnekontoret viste korleis kvinnene i Comalapa sit på knea og vev. Samstundes fekk ordførar Valeriano, varaordførar José León Chali og rådmann José Brigido Tomás vera med på ei synfaring i Gruvene på Litlabø. Spesielt fann dei historia frå krigens dagar interessant.

Gjestene frå Comalapa skapte mykje glede rundt seg, og då det var kaffipause etter synfaringa på Sæbø gard, sette dei på musikk frå Guatemala og dansa med ungdommane. Dei var imponert over at Stord kommune har eit slikt godt tilbod til ungdom med spesielle behov.

På Stord vidaregåande skule var dei fem gjestene frå Comalapa med i ein spansktime og fekk kvar si gruppe av ungdom å samtala med, eit innslag som både elevane og gjestene sette pris på.

Ein kveld gjesta dei også fjosen til Harald Rydland på Fitjar og fekk sjå kor effektivt ein kan mjølka sytti kyr.

Gjekk fremst i borgartoget

Kledd i typiske mayaklede frå Comalapa fekk ordførar Valeriano Pichayá gå framme i borgartoget 17. mai i lag med ordførar Liv Kari Eskeland, medan dei andre representantane gjekk med Venskap Stord-Comalapa. I pinsen fekk gjestene prøva å gå på ski på Kvamskogen, fiska i Norheimsund, og den tøffaste av dei, rådmann José Brigido, symja i den kalde Hardangerfjorden!

Zonia RoquelPå eit ope møte i Stord kulturhus 21. mai fekk interesserte stordabuar informasjon om det internasjonale kommuneprosjektet MIC og vart kjende med dei flotte representantane frå Comalapa kommune.

Kvinner tenkjer ikkje kortsiktig

Den einaste kvinna i kommunestyret, Zonia Roquel vart spurt om det gjer en forskjell at kvinner er med i fora der avgjersler vert tatt. Til det svara ho at kvinner har erfaring frå å tenkja langsiktig, slik som til dømes å planleggja for borna si utdanning og framtid.

– Kvinner tenker ikkje kortsiktig. Me ser kva me må gjera i dag for at alle skal få ei betre framtid, sa ho og fekk applaus.

Vitja kommunestyret

Siste dag dei fem kommunerepresentantane frå Comalapa var på Stord fekk dei møta kommunestyret. Dei viste ein video om livet i mayakommunen Comalapa, i høglandet i Guatemala, og viste bilete og fortalde om aktivitetar og resultat innan kunnskap om miljø og bosshandsaming, og korleis no fleire kvinner er med i viktige fora i kommunen. Dei understreka og dei håpar at MIC-prosjektet vil halda fram. Om kvelden var det avskjedsfest i Kulturhuset der alle var velkomne.

Evaluering og eventuell framhald av MIC-programmet

Det internasjonale kommuneprosjektet MIC er no i 2013 inne i sitt siste år av den andre treårsbolken som Direktoratet for utviklingssamarbeid, NORAD, har med kommunesektoren sin organisasjon, KS, på vegner av seks norske og seks guatemalanske kommunar. I tillegg til Stord-Comalapa er kommunane Tromsø-Quetzaltenango, Stjørdal-Panajachel, Tinn-Champerico, Odda-Santiago Atitlán og Ål-Sololá med i programmet.

NORAD finansierer MIC- programmet som vert administrert av KS. Internasjonal avdeling i Norsk institutt for by- og regionforskning, NIBR, skal i sommar evaluera programmet på vegner av NORAD. Dersom NORAD gjev KS løyve til å halda fram MIC-samarbeidet med Guatemala, vil kommunestyret i Stord avgjera om dei skal skrive under ein samarbeidsavtale med Comalapa kommune for treårsbolken 2014-2016 før eventuell søknad for 2014 skal sendast til KS innan 1. oktober 2013.

Bildene:
Øvst: Ordførar Valeriano Pichyiá og Angela Mich frå kvinnekontoret i Comalapa overrekkjer gåve til kommunestyret ved ordførar Liv Kari Eskeland. Prosjektleiar for MIC-prosjektet i Stord kommune, Gerd Fladby til venstre.
Nedst: – Kvinner tenker ikkje kortsiktig, sa Zonia Roquel, einaste kvinna i kommunestyret i Comalapa.