Ordførar Javier Bal frå Comalapa vitjar Stord i desse dagar. Denne er tredje gongen han kjem til Stord sidan han vart ordførar for fire år sidan. Denne gongen kom han saman med ein representant frå kvinnekontoret og to kommunestyrerepresentantar.

Torsdag 24. november var dei i møte med ordførar Liv Kari Eskeland. Tema for møtet var MIC-prosjektet og kommunevalet som nyleg vart gjennomført i dei to venskapskommunane.

Viktige resultat

– Etter fire år med MIC-prosjektet ser ein viktige resultat i Comalapa, sa både orførar Javier Bal og representanten for kvinnekontoret Graciela Sanic.

Spesielt plastavfall, men og glas og skrapjern vert no samla inn og sendt til resirulering/gjenvinningng og det er mindre ureining av drikkevasskjelder enn før.

Kvinnene i mayaindianerkommunen Comalapa, er meir synlege i samfunnsliv der vedtak vert gjort, slik som i dei lokale utviklingskomiteane. Kommunen har over 40.000 innbyggjarar, og for fyrste gong var det to kvinnelege ordførarkandidatar ved valet i Comalapa 11. september.

Det var direkte val på ordførar, og ingen av kvinnene nådde opp. men av dei åtte kommunestyrerepresentantane, inkludert den nye ordføraren Valeriano Pichyiá som tek over frå 15. januar 2012, er det ei kvinne.

For Stord kommune vert det ei spanande utfordring å føra MIC-prosjektet vidare med ny ordførar og og ei kvinne i eit viktig verv i Comalapa kommune.

Håpar på godt samarbeid med ny ordførar 

Eskeland og Bal var einige i at ein har oppnådd mykje gjennom kommunesamarbeidet. Men mykje arbeid gjenstår, og dei var difor svært opptekne av at den nye ordføraren og det nye kommunestyret i Comalapa vil vidareføra det gode samarbeidet.

Utsendingane frå Comalapa var særs interessert i å høyra om valkampen og om maktfordelinga i det nye kommunestyret. I Comalapa er det direkte val av ordførar, og sidan Javier Bal ikkje vann denne gongen, må han gå ut av kommunestyret og ta heile administrasjonen med seg. 

Bal var særleg imponert over systemet i Noreg der administrasjonen held fram uavhengig av ordførar, og der ordførar og rådmann delegerer saker til medarbeidarar.  

Vener i 20 år

Venskapssamarbeidet mellom kommunane Stord og Comalapa tok til for over 20 år sidan. I 2007 starta kommunane MIC-prosjektet med fokus på miljø og kvinnedeltaking  i samfunnslivet.  

I perioden MIC-prosjektet har fungert er det oppretta både miljøkontor og kvinnekontor med kommunalt tilsette i Comalapa. For å oppnå endringar er det program for kapasitetsbygging både innan miljø-/bosshandsaming og auka kvinnedeltaking i lokalt styre. Det er og laga skriftleg og audiovisuelt informasjonsmateriale på spansk og på det lokale mayaspråket kakchiqel.

Bildet: Bak frå venstre: Estanislao Cux (Medlem av kommunestyret i Comalapa), Gerd Fladby (MIC-koordinator i Stord kommune), Ordførar Javier Bal, Stord-ordførar Liv Kari Eskeland, Egberto Corona (Medlem av kommunstyret i Comalapa). Framme: Graciela Sanic frå Kvinnekontoret i Comalapa