Elevar i auditoriumElevar på åttande og niande trinnet, til saman 180 elevar, vart måndag ynskt velkomen til den nye skulen. 


Elevane vart tekne i mot av rektor Bente Eide og assisterande rektor Kristne Vikanes. Medan Eide ynskte åttande trinnet velkomen i trappa mellom første og andre høgda (biletet), tok Vikanes seg av niande trinnet i auditoriet.

Skofri skule

Assisterande rektor Kristine Vikanes melder om at første skuledag gjekk fint.

– Elevane er flotte ungdommar. Det var nok nytt for elevane at skulen er skofri, men alle var flinke å ta av sko og setja dei i garderobane, seier Vikanes.

Frå hausten vert det full drift på alle klassetrinn med til saman 270-300 elevar på den nye ungdomsskulen. 

Elevar som sit i grupper.

Verkstad for læring

Nordbygdo ungdomskule er utforma for å fungera som ”verkstad for læring” med vekt på fleksibilitet, samarbeid internt på skulen og med miljø utanfor skulen.

Læringsareala inneheld blant anna kulturdel med amfi, realfagbase, base for estetiske fag og bibliotek. I tillegg skal bygget romma eigen helsestasjon og skulehelseteneste.

Utegym i påvente av fleirbrukshall

To av niandeklassane hadde tre timar utegym første skuledag. I påvente av ny fleirbrukshall på nabotomta vil utegym vera obligatorisk for elevane i Nordbygdo. Byggjearbeidet er i gang, og fleirbrukshallen vil stå klar for drift seinast 1.august 2010.

Open og aktiv skule

Skulen sin visjon er ”Nordbygdo ungdomsskule – den aktive og opne skulen”. Den nye skulen skal ha fokus på allsidig aktivitet og utvikling i forpliktande samarbeid med samfunnet rundt, kultur og næringsliv. 

Nordbygdo ungdomsskule vert offisielt opna 10. februar 2010.

(Foto: Nordbygdo ungdomsskule)