- Eg håpar eg framleis vil vera ein aktiv forteljar. Livet er aldri kjedeleg. Eg trur eg kanskje kan bli litt som ei sjuande mor i huset i Stord folkebibliotek. Dersom dei vil bruka meg som vikar av og til, seier Kari Bolette sprudlande.

Barnebibliotekaren har følgt huset frå det starta opp i 1978. Ho var med å flytta bøkene frå det gamle lokalet i Borggata og inn i eit flunkande nytt bibliotek. Her har ho vore tilsett sidan, bortsett frå ein periode på fire år.

- Rent fysisk har biblioteket forandra seg. Då kulturhuset var nytt, var det eigen inngang for barn som var heilt delt frå vaksenavdelinga. Det var også kortare opningstid for barn enn for vaksne. No er det ikkje slik lenger. Det er eg glad for. Barna er ei viktig lånargruppe, like viktig som dei vaksne. Jo tidlegare barn blir glad i å gå på biblioteket, jo større eigarforhold kan dei få til biblioteket. Kjekt er det at ein del foreldre er bevisste på å nytta biblioteket, og tek barna sine med seg dit. Det er noko med å oppdaga mangfaldet av bøker, som er større i eit bibliotek enn i ein heim. Dessutan er biblioteket ein fin møtestad, meiner Kari Bolette.

 Dei gode møta

Kari Bolette har lese ganske mykje barne – og ungdomslitteratur opp igjennom åra.

- Det har vore svært givande for meg å følgja med på det som har kome av ny litteratur for barn og ungdom. Men eg skulle gjerne ha lese mykje meir. Biblioteket har vore ein interessant arbeidsplass med mangfaldige arbeidsoppgåver. Å møta publikum i alle aldrar har vore noko av det eg har likt aller best, fortel barnebibliotekaren.

Kari Bolette har hatt eventyrstunder som perler på ei snor opp i gjennom alle åra som bibliotekar. Magisk eventyrsjal, levande ljos og den vetle sjølvlaga dokka «Rusken», har vore ei viktig ramme rundt eventyrstundene. Barn elskar ritual!

- Det er forskjell på det å fortelja og det å lesa eventyr. Når eg fortel, har eg augnekontakt med tilhøyrarane. Det skaper nærleik og dynamikk, og opnar for eit samspel mellom meg og publikum. Kvart einskilt barn får høve til å bruka fantasien på ein særs aktiv måte. Utvikling av fantasien er viktig for eit barn, understrekar Kari Bolette entusiastisk medan ho legg til og fektar med armane: - Ja, for alle menneske! Også for dei vaksne!

Aktiv forteljar

- Kva skal du fylla tida med som pensjonist?

- Eg håpar eg framleis kan ha ei tilknyting til biblioteket. Kan henda det er bruk for meg som vikar av og til, smiler Kari Bolette.

Elles har ho mange ulike oppgåver, til dømes i søndagsskulen. Ho ønskjer framleis å fordjupa seg i gamal og nyare litteratur.

- Mitt problem er å avgrensa meg. Viss eg får behalda helsa, har eg masse å halda på med. Eg får ein del førespurnader om å laga kåseri, og om å formidla litteratur av ymse slag. Eg håpar framleis eg kan vera ein aktiv forteljar - - om eg så skulle verta 100 år!!