For deg som søkjar vil du merka det ved at du får opp eit nytt digitalt søknadsskjema, der du må logga deg på med Bank id. Systemet er enkelt, brukarvenleg og laga for å ivereta personvernet ditt. Det er bustadkontoret som mottek og handsamar søknaden om kommunal bustad.

Mange kommunar har teke i bruk Kobo, så det er etter kvart blitt eit godt utprøvd system. Systemet gir oss god oversikt over bustadane våre, og er inspirert av finn.no i brukargrensesnittet, seier Birgit Almås frå bustadkontoret.

Systemet hentar data frå andre basar som folkeregisteret og skatteetaten, det gjer at det er enklare for deg som søkjar, og gir oss god og oppdatert informasjon til bruk i sakshandsaming av søknaden din.

Lurar me på noko, stiller me spørsmål frå systemet, og du får opp ein melding på telefonen din. Du kan gå inn på saka di og svara oss, det gjer at all dokumentasjon og kommunikasjon i saka er samla på ein sikker plass.

Treng du hjelp til å søkja, kan du skriva til bustadkontoret@stord.kommune.no og be om å få ein avtale med ein sakshandsamar. Det er også mogeleg å ringja 53 49 66 00.

Til søknadsportal for kommunal bustad (idporten.no)