- Ein av grunnane til at Lean er komen på banen er den stadig aukande arbeidsmengda for dei kommunale tenestene, forklarar Lean-koordinator Magnhild Bjørk Mo.

Større eigarforhold til oppgåver

Målet med Lean er å stilla dei gode spørsmåla og vera verktøy for å skapa ein betre arbeidssituasjon. Det er medarbeidarane sjølve som kjenner best kor skoen trykkjer og som skal koma med forbetringsforslaga. Lean vil gje medarbeidarane eit større eigarforhold til dei oppgåvene som skal løysast.

– Kvardagen vår er slik at me får fleire og fleire oppgåver, medan rammene våre er uendra. Då er det viktig å løysa oppgåvene våre på ein så optimal måte som mogleg, som å få på plass rutinar og standardar. Ved å bruka lean vert det veldig visuelt og synleg for alle korleis prosessane fungerer og korleis ein kan spara tid og arbeid ved å gjere ting annleis, seier Mo.

I samarbeid med KS og finansiert av OU-midlar er det gjennomført ein prosess med opplæring med reelle case av åtte Lean-rettleiarar i kommunen. Det er utvikla ein lokal tilpassa modell i Lean-handboka for Stord kommune. Ein tek sikte på å kontinuereleg velje nye tema for Lean-prosessar framover, og kontinuerleg forbetring skal verta innarbeidd som metode i alle einingar.

Alt kan "leanast"

Det er no sett av ressursar til å drive fire Lean-prosessar på same tid, der kvart prosjekt tek om lag ein til to månader. Målet er at Lean-verktøyet er noko som skal nyttast fast i kommunen med jamne mellomrom. Det er ikkje noko grense for kva som i praksis kan "leanast".

– Eg tenkjer jo at det meste kan «leanast». Men det er vår oppgåve å vurdere om det er verdt å gjera det, me må jo heile tida gjere prioriteringar.

Nytta tida på tenesteproduksjon

Mo understrekar at Lean ikkje er eit verktøy for å "kontrollera" tilsette og å skapa auka press i ein allereie hektisk kvardag.

– Det er jo assosiert med fjerning av sløsing, men det er eit negativt lada ord. Det er meir presist å seia at det handlar om å nytta tida på tenesteproduksjon og unngå andre ting, seier MO og legg til:

– Oppgåva vår er ikkje å koma fram til nye rutinar, men å vera støttande til prosessane. Når me er ferdig så er det laga ein handlingsplan som einsleiaren har eit ansvar for å følgja opp.

Kvifor LEAN?

  • Best mogleg resultat for brukarane våre
  • Best mogleg arbeidskvardag for den einskilde medarbeidar
  • Meir effektiv verdiskaping gjennom best mogleg utnytting av ressursane våre
  • Ein lærande organisasjon der medarbeidarane har fokus på kontinuerleg forbetring
  • Ein arbeidsplass prega av medverknad og fokus på løysingar i fellesskap