Meteorologisk institutt melder at det er venta sørvest full storm på kysten, sterk storm i nordlege del, med vindkast på 35-45 m/s inn over land, i ettermiddag og kveld. Det blir høge bølger inn mot kysten. Signifikant bølgehøgde er venta å bli 9-12 meter.

Er i beredskap

Kommunen følgjer situasjonen og vurderer beredskapen løpande i forhold til brannvesen, tekniske tenester, veg, hamn og heimebaserte tenester. Eigedomsavdelinga har sikra lause gjenstandar rundt på bygga.

Vurder kva som er forsvarleg

Barne- og ungdomsskulane har vanleg skuledag. Sidan vinden er på sitt sterkaste når elevane skal avslutte skuledagen sin, er det viktig at ein gjer vurderingar om det er trygt å sende elevar på dei skulevegane dei normalt nyttar. Desse vurderingane vert gjort på kvar skule. Dersom foreldre ønskjer å henta borna før skulen sluttar vil det ikkje bli ført fråvær for det.

Stor fare for rotvelt

Elles veit vi at ein ein del trær er svakt «fundamentert» etter det førre sterke uveret (NINA). Det skal derfor ikkje nødvendigvis så sterk vind til for at vi også denne gongen kan få mange rotvelt.

Føl versituasjonen på Meteorologisk institutt.