Forskrifta gjeld fastsetjing av berekning og innbetaling av gebyr for vass- og avløpstenester i kommunen.

Heimel: Fastsett av Stord kommunestyre 24. november med heimel i lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg (vass- og avløpsanleggslova) § 3, og forskrift 1. juli 2004 nr. 931 om begrensning av forureining (forurensningsforskriften) § 16-1 andre ledd.

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2023.

Det vil medføra endring i gebyra. Dette grunna endring av pris og reglar for fastsetjing av gebyr.

Les meir om forskrifta og gebyra her:

Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Stord kommune, Vestland

Forskrift med kommentarar og rettleiingstekst

Gebyrregulativ 2023

Dersom du har spørsmål om gebyra ynskjer me at du tar kontakt skriftleg via skjema for spørsmål til eigedomsgebyr 

Fleire av spørsmåla me mottek gjeld endring av gebyr på eigedomar som har to bueiningar, til dømes einebustad med hybel-/sokkelleilighet. For desse gjeld følgjande: I samband med ny forskrift om vass- og avløpsgebyr, Stord kommune, Vestland har Stord kommunestyre vedteke at det skal betalast abonnementsgebyr som ein fast sats per bueining i matrikkelen. Det vil sei at dersom det er to bueiningar på ein eigedom, skal det betalast for to abonnement for vatn og avløp.