Kommunestyret i Stord gjorde 30.04.2015, sak 14/15 vedtak om endring i noverande parkeringsordning frå 01.06.2015.

Innfører parkeringsskive

For at trafikkbetjenten vår skal veta kva tid du parkerte, skal du nytte parkeringsskive som du festar i frontruta på bilen. På parkeringsskiva markerer du klokkeslett for tidspunktet du parkerer bilen.

Parkeringsskive er for sal i Kundetorget til kr 20,-

To timar gratis

Følgjande kommunale parkeringsplassar får avgiftsfri parkering med maksimum opphaldstid 2 timar ved bruk av parkeringsskive:

Torget, SKE-bygget, Osen, Vidsteenstunet/Sorenskrivareigedomen, Borggata/Borggarden, Øvre Borggata, Jens Hystadveg, Stord kommunale rehab. senter, Snøggbåtterminalen, Torgbakken, P-dekke v/ NAV.

Maksimum parkeringstid 2 timar gjeld også for El- bilar og personar med HC- kort.

Parkeringsplassen i Sæ og Vabakkjen er det maksimum 12 timar parkering med parkeringsskive.

Tidsavgrensinga er 07.00 - 18.00 på kvardagar og til 16.00 på laurdagar.

Det er vidare vedteke at parkeringsplassen bak rådhuset skal vera privat dvs for besøkjande i nemnde bygg.

Kvar kan eg stå utan parkeringsskjeve

Parkeringsplassane ved Bytunet og i underetasjen på Bachertunet er fortsatt avgiftsbelagt.