Portrett av Liv Kari EskelandOrdføraravtalen er ein avtale mellom Alarmtelefonen for barn og unge og alle ordførarar i Noreg. Ordførarar som har signert denne avtalen påtek seg med dette å vera ambassadør for Alarmtelefonen for barn og unge.

Ambassadøren skal medverka til å gjera 116 111 kjent for barn og unge i eigen kommune. Dette kan gjerast ved å omtala Alarmtelefonen i dei sammenhengar ordføraren finn det naturleg.

Alarmtelefonen for barn og unge forpliktar seg til å oversenda kvartalsrapport og stilla informasjonsmateriell til rådvelde for ordføraren.

 

Sjå kven som har signert avtalen

Alarmtelefonen for barn og unge

Alarmtelefonen for Barn og Unge er ein gratis nødtelefon for barn og unge. Den er open når barneverntenesta sine kontor er stengt. I vekedagar er den åpen fra kl. 15:00 om ettermiddagane og til kl. 08:00 neste morgon. I helgene er den open heile døgnet.

Les meir om Alarmtelefonen for barn og unge på www.116111.no

På heimesida til Stord kommune finn du nummeret til Alarmtelefonen for barn og unge under den blå lenka "Vakttelefonar" øvst oppe på sida.

Bildet (nedst): Stordordførar Liv Kari Eskeland