Bjelland har vore einingsleiar på Stord sjukeheim i 12 år, og har arbeidd der i tilsaman 22 år. Ho er utdanna sjukepleiar med vidareutdanning i aldersdemens, vegleiing og leiing. I 2021 fullførte ho master i offentleg leiing.

Når me spurte kva kvifor ho søkte og kva ho gledar seg til så svara ho dette:

Eg søkte på denne stillinga fordi eg synes den virker spanande og utfordrande. Sjølv om eg storstrives på Stord sjukeheim, så har eg arbeidd her i 22 år og vore einingsleiar i dei siste 12. Eg har tru på at det er ok å flytta på seg innimellom, seier Bjelland.

Habilitering er ei stor eining med mange tilsette og brukarar. Bjelland trivst veldig godt med å arbeida med folk og ser veldig fram til å bli kjent med og samarbeida med alle dei som er i eininga.

Eg gler meg veldig til å bli ordentlig kjent med alle avdelingane og tenestene dei gir. Og så veit eg at dette er ei eining som er i kontinuerleg utvikling og at det er fleire prosjekt og planar på gong som eg gler meg til å setja meg inn i.  Samstundes så er habilitering ei eining med fleire lokasjonar, så eg må nok bruke litt tid på å venne meg til at eg ikkje kan vere fysisk tilstades og tilgjengeleg for tilsette og brukarar på same måte som det eg er vant til. 

Bjelland byrjar i den nye stillinga på nyåret. 

Me ønskjer ho lukke til i ny eining hjå oss.