Bakgrunn for saka er oppmoding frå UDI og moglegheit til å påverka organiseringa, omfanget og tilrettelegginga av mottaket av asylsøkjarar i kommunen.

Etter at formannskapet 11. november var positive til kommunalt mottak fekk rådmann Magnus Mjør i oppdrag å utarbeida eit konsept for eit kommunalt drive mottak. 

Prosjektgruppa

Det er sett ned ei prosjektgruppa som skal jobba fram plan som skisserer løysingar med kostnadsoverslag og gjera Stord kommune rusta til å levera anbod til UDI innan 11. desember. Anbodet vert gjeve med atterhald om politisk godkjenning i kommunestyret 17. desember. Ei eventuel signering med UDI vert i veke 4 i 2016.

- Med ei hand på rattet bør også kommunen vera betre i stand til å leggja til rette for asylsøkjarar og dei som skal busettast i kommunen, seier rådmannen.

Rådmannen har fullmakt til å omorganisera dei kommunale tenestene retta mot asylsøkjarar og flyktningar som mogleg kjem i drift 2. februar 2016.

Lokalisering og driftsform

Ein tek sikte på eit ordinært mottak med ein desentralisert modell. Samla kapasitet kan bli 200 stk fordelt på:

  • 40 i base
  • 100 i leigde lokalitetar
  • 30 første opsjon
  • 30 andre opsjon 

Det vert vurdert fire ulike lokaliseringar:

  • Sævarhagen, i kommunale bustadar med base og administrasjon
  • Ådlandtoppen AS - hybelbygg
  • Kværner
  • Privat bustadutleige

UDI har lyst ut anbodskonkurranse for ordinær drift av 4000-6000 mottaksplassar i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.